Reinhaldsoperatørfaget (ROF03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Reinhaldsoperatørfaget handlar om reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Faget skal gjere lærlingane i stand til å forvalte, drifte og halde ved like serviceleveransar knytte til reinhald. Faget handlar om å sikre det indre og ytre miljøet gjennom å velje og bruke reinhaldsmaskiner, utstyr, metodar og kjemikalium på ein berekraftig måte. Faget handlar vidare om å vareta hygieniske og estetiske krav til bygg, anlegg og transportmiddel. Reinhaldsoperatørfaget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvere som kan halde bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel reine og å halde dei ved like for å minimere miljøavtrykket og sikre livssyklusen til overflatene.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Reinhaldsoperatørfaget skal bidra til engasjement når lærlingane utøvar kundebehandling og serviceleveransar knytte til reinhald i bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Etisk medvit blir fremja gjennom refleksjon over korleis valet av materiale, utstyr og metodar kan påverke miljø og effektiv utnytting av ressursane. Faget skal bidra til å gje kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Forståing av verdien av kulturelt mangfald i bygg- og anleggsbransjen blir fremja gjennom at lærlingane er i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.