Samfunnskunnskap (SAK01‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane utviklar kunnskap om kva og kven som påverkar identiteten, sjølvkjensla, tryggleiken og tilhøyrsla deira. I faget møter elevane tema som kjønn, seksualitet, grensesetjing, rus, digitale spor og personleg økonomi. Dette kan bidra til at dei gjer gode livsval og får forståing og respekt for mangfald og for andre sine verdiar og livsval.
Demokrati og medborgarskap
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å auke det kritiske medvitet om samfunnet som elevane er deltakarar i. Elevane skal utforske korleis dei kan påverke samfunnet rundt seg i dag og i framtida. Det inneber at dei skal lytte til og la seg utfordre av menneske med andre synspunkt enn dei sjølve har. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og undertrykking. I tillegg skal faget gi dei kunnskap om nasjonale og internasjonale institusjonar og avtalar, inkludert kva internasjonale konvensjonar har å seie for rettigheiter til urfolk. Forståing om samanhengane mellom rettane og pliktene til individet, slik at dei kan bli aktive medborgarar, inngår også i dette.
Berekraftig utvikling
I samfunnskunnskap handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis elevane kan bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling gjennom å vere aktive medborgarar. Dette inneber å forstå samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene i naturen. Vidare skal elevane reflektere over korleis politikk, konfliktar, økonomi, teknologi og ressursbruk verkar saman og påverkar grupper i samfunnet. Berekraftige løysingar inneber òg å ta vare på verdiar som likeverd og mangfald.