Teknologi og design (TPR01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Teknologi og design handlar om å lage teknologiske produkt. Faget skal bidra til at elevane utviklar sin kreativitet og teknologiske kompetanse gjennom å designe, utvikle og forbetre produkt. Elevane skal òg kunne forvalte teknologi på ein sikker og berekraftig måte. Faget skal vidare bidra til at elevane kan finne gode teknologiske løysingar for nåtida og framtida og forberede dei på å eit arbeids- og samfunnsliv med raske omstillingar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Valfaget teknologi og design skal bidra til at elevane får utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Elevane skal få erfaring med å sjå moglegheiter med teknologi og designprosessar gjennom utforsking og skapande arbeid, åleine og i samarbeid med andre. Problemløysing, kritisk tenking og etisk medvit kring teknologi står sentralt i faget. Vektlegging av materialforståing, vedlikehald og reparasjon skal bidra til refleksjon kring gjenbruk, respekt for naturen og miljømedvit.
Valfaga hentar innhald frå andre fag i grunnskolen.