Veg- og anleggsfaget (VOA03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje å byggje og halde ved like infrastruktur etter teikningar, beskrivingar, standarder og toleransekrav og preaksepterte løysingar ved å bruke ulike prosjektverktøy og vurdere konsekvenser av avvik fra toleransekravene
- utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit, bruke verne- og sikringsutstyr og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og handtere avvik
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjonar og støveksponering
- velje ut og bruke masseforflyttingsmaskiner og utstyr ut frå arbeidsoppgåve og gjeldande regelverk, og vurdere konsekvensane for miljøet og ressursbruken
- bruke GPS- og maskinstyringssystem ved bruk av masseforflytningsmaskiner
- vurdere farar ved gjenståande sprengstoff, varsle om fare og setje i verk tiltak for å fjerne sprengstoff
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle kjemikalium, uønskte plantar og organismar og iverksette tiltak ved feilhandtering
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- utføre arbeidsvarsling i samsvar med gjeldande regelverk og vurdere kva risikofaktorar som kan påverke trafikkavviklinga
- sikre og sperre av byggje- og anleggsområde og drøfte ulike tiltak som sikrar risikoutsette arbeidsforhold
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og velge ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- utføre stikking og nivellering
- vurdere grunnforhold, vurdere massetypar og bruksområda deira og gjere greie for korleis geologiske forhold påverkar arbeidet
- fundamentere grunnen, komprimere massar og dokumentere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk
- byggje opp og halde ved like infrastrukturar over og under jorda etter teikningar og beskrivingar
- leggje ulike typar røyr og setje ned og montere vass- og kabelkummar etter teikningar og beskrivingar
- montere ulike typar betongelement og sikringsmateriell i ulike materiale over og under jorda etter teikningar og beskrivingar
- bore i berggrunnen manuelt og maskinelt og drøfte korleis ulukker ved boring kan førebyggjast
- forskale, armere og støype mindre betongkonstruksjonar etter teikningar og beskrivingar
- setje opp murar i ulike materiale etter teikningar og beskrivingar
- drenere grunnen etter gjeldande regelverk og drøfte korleis lokale forhold påverkar dreneringsmetoden
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i Vg3 veg- og anleggsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i Vg3 veg- og anleggsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.