Årsrapport 2023
Del I Melding frå leiaren
For Utdanningsdirektoratet har 2023 vore eit år med høg aktivitet og mykje utviklingsarbeid, samtidig som det har vore utfordringar. Gjennom leveransane våre har vi vist korleis medarbeidarane i Utdanningsdirektoratet bidreg til å betre føresetnadene for opplæring og trivsel i barnehagar og skular i Noreg. Mi vurdering er at direktoratet har hatt god måloppnåing på aktivitetane vi har gjennomført i 2023, og eg er fornøgd med det vi har fått til.
Samtidig har det i 2023 vore ei negativ utvikling i resultata for lesing, skriving og rekning og gjennom urovekkjande tal på mobbing og fråvær. Det har òg vore fleire dilemma knytte til digitalisering i skulen, og vanskar i samband med gjennomføring av eksamen våren 2023. Dette er resultat vi ikkje kan slå oss til ro med. Det er særleg alvorleg at lærings- og trivselsresultata peikar i feil retning. Utdanningsdirektoratet har ein stor verkemiddelportefølje, og vi må gå gjennom denne for å sikre at vi har best mogleg heilskap og samanheng i verkemidla våre. Vi må tenkje nytt rundt korleis vi skal innrette våre eigne leveransar for å bidra til trygge og gode barnehage- og skulemiljø og høg kvalitet i opplæringa, og om vi har dei rette verkemidla. I tillegg må vi jobbe med kunnskapsgrunnlaget vårt for å forstå utviklinga betre.
Regelverket er botnplanken i arbeidet vårt for å sikre trivsel og læring i barnehagar og skular. Dersom regelverket hadde blitt følgt, ville mange av utfordringane vore mindre, noko som ville vore til stor gevinst for barn, unge og vaksne i utdanningsløpet. Samtidig er det reelle og forståelege grunnar til manglande regelverksetterleving, slik som ressursar, kompetanse og økonomi hos barnehage- og skuleeigar. I 2023 har derfor arbeid med innføring av ny opplæringslov vore eit viktig satsingsområde for oss. Dette arbeidet vil halde fram i 2024. Innføringa av ny opplæringslov gir oss eit høve til å jobbe proaktivt på endå fleire frontar enn tidlegare for å formidle og forklare regelverket og støtte etterlevinga i sektoren.
Barnehagar og skular vil ikkje kunne skjermast mot dei breie utviklingstrekka nasjonalt og globalt. Derfor set vi pris på ein brei samfunnsdebatt om skulen, og at det er eit offentleg engasjement om korleis vi best innrettar kvardagen til barn og unge. Digitalisering og raske teknologiske endringar er ein av dei store utviklingstrendane som skulen må forhalde seg til. Det er ikkje nødvendigvis lett for enkeltståande kommunar og fylkeskommunar å vareta alle krav som digitaliseringa av skulekvardagen fører med seg. Den teknologiske utviklinga kan derfor bidra til å dekkje eit behov for at staten skal støtte og normere dei lokale forvaltningsnivåa når det gjeld bruk av digitale tenester. Vi tek denne forventninga på alvor. Samtidig ser vi òg at denne delen av porteføljen må balanserast opp mot arbeidet vårt med læring og vurdering, regelverksoppfølging, kompetanseutvikling og kunnskapsproduksjon. Dette vil innebere hardare prioriteringar av tiltaka våre.
Fellesskapa i barnehagar og skular er blant dei aller viktigaste samfunnsinstitusjonane våre. Kvart år startar fleire tusen barn og unge i barnehage og skule og tek del i desse viktige fellesskapa. I tida framover vil det vere viktig for Utdanningsdirektoratet å bidra til at nedgangen i lærings- og trivselsresultata stansar. I 2023 har vi vist fram den målretta innsatsen som blir gjord av direktoratet innanfor krevjande fagområde, samtidig som året har gitt oss sterke indikasjonar på kva utfordringar vi i endå større grad må evne å handtere i tida framover.
Oslo, den 15.03.2024