Årsrapport 2023

Del II Introduksjon til verksemda og hovudtal

Samfunnsoppdraget vårt

Utdanningsdirektoratet er underlagt Kunnskapsdepartementet. Vi er departementet sitt utøvande organ for barnehage, skule og fagopplæring, og skal setje opplæringspolitikken ut i praksis. Vi skal bidra til at barn og unge trivst, meistrar og lærer i eit inkluderande læringsmiljø. Utdanningsdirektoratet styrer statsforvaltarane på utdanningsområdet. I tillegg har Utdanningsdirektoratet verkemiddel som blir brukte direkte av barnehagar, skular, barnehage- og skuleeigarar og barnehagestyresmakter.

Kunnskapsdepartementet har fastsett fem brukareffektmål for direktoratet:

  • Mål 1: Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter varetek utviklinga, læringa og trivselen til barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter.
  • Mål 2: Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.
  • Mål 3: Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket.
  • Mål 4: Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane og overfor lærebedriftene.
  • Mål 5: Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar.

Verkemiddel og tenesteområde

Utdanningsdirektoratet er eit fagdirektorat med fleire ulike roller. Vi er fagleg rådgivar for Kunnskapsdepartementet, vi er eit fagorgan for sektorane, og vi har i tillegg ei gjennomføringsrolle ved at vi utøver mynde, set i verk vedteken politikk og styrer statsforvaltarane på utdanningsområdet. I tillegg skal vi støtte, rettleie og fremje ønskt utvikling i sektorane basert på oppdatert kunnskap.

Hovudleveransane våre er

  • å utvikle og forvalte rammeplanar, læreplanar og anna regelverk på barnehage- og opplæringsområdet
  • å rettleie og støtte sektorane
  • å forvalte store tilskotsordningar
  • å samarbeide med lærarutdanningane om etter- og vidareutdanningstilbod for tilsette i barnehage og skule
  • å utvikle og forvalte prøve- og vurderingssystemet
  • å gjennomføre tilsyn med private skular
  • å gjennomføre økonomisk tilsyn med private barnehagar
  • å vere overordna nasjonal fagstyresmakt for sektorane
  • å utvikle og forvalte digitale, sektorretta tenester
  • å utvikle og formidle kunnskap om bruk av teknologiske moglegheiter i sektorane
  • å behandle søknader om godkjenning av nye skular etter privatskolelova
  • å behandle søknader om rettferdsvederlag som gjeld grunnopplæringa

Samarbeid med andre aktørar

Det er fleire aktørar som har ansvaret for å realisere måla i utdanningssektoren. Departementet har fastsett sektormål som seier kva dei ulike aktørane skal få til i fellesskap.

Sektormåla for barnehagen er

  • at alle skal ha eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
  • at barn som treng hjelp, skal få det tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
  • at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
  • at alle skal ha god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet

Sektormåla for grunnopplæringa er

  • at alle skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
  • at barn og unge som treng hjelp, skal få det tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
  • at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
  • at alle skal lukkast i opplæringa og utdanninga

Det overordna målbiletet for barnehagen og grunnopplæringa skal danne grunnlag for prioriteringar av temaområde og av faglege mål, og for utviklinga av nye tiltak og verkemiddel. Dette krev også eit godt og systematisk samspel på tvers av sektorane. Samarbeidet vårt med dei ulike aktørane i sektorane, både sentralt og lokalt, har derfor høg prioritet og skal gjennomsyre arbeidet vi gjer. På leiarnivå er direktoratet ein del av direktørnettverket, der ti direktorat innanfor velferdssektoren er representerte. Formålet med nettverket er mellom anna å bidra til dialog og samarbeid på tvers av sektorgrensene.

Vi har i fleire år samarbeidd med andre direktorat for å samordne innsatsen slik at alle barn og unge får den støtta og hjelpa dei treng for å meistre livet. Saman med tolv andre direktorat på oppvekstfeltet jobbar vi i etatssamarbeid for å løyse utfordringane med tverrgåande oppfølging av utsette barn og unge. Dette følgjer av kjernegruppa for utsette barn og unge som er etablert i departementa, og følgjer opp arbeidet frå 0–24-samarbeidet som blei avvikla i 2021.

Fleire av dei mest sentrale verkemidla våre, som vidareutdanningsordningane og kompetanseordningane, er avhengige av at vi samarbeider med universitets- og høgskulesektoren (UH) for å oppnå gode resultat. Vidare har vi eit omfattande samarbeid med universitetets- og høgskulesektoren i fagfornyinga.

Direktoratet har delegert eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga til Statsforvaltaren i Vestland. Vi følgjer opp denne koordinerande rolla gjennom løpande kontakt med statsforvaltaren.

I tillegg har vi eit omfattande samarbeid med Statped innanfor fagfelta spesialpedagogikk og spesialpedagogisk hjelp.

Omtale av organisasjonen og leiinga

Morten Rosenkvist tiltredde som direktør i Utdanningsdirektoratet 16. januar 2023. Vi har tilsette på fire kontor: i Oslo, på Hamar, i Tromsø og i Molde.

Oversikt årsverk (årsgjennomsnitt)
Kategoriar20222023
Avtalte årsverk387375

Utførte årsverk

329339
Talet på tilsette fordelt mellom kontora
KontorTilsette per 31.12.2022Tilsette per 31.12.2023
Oslo306300
Hamar

25

24
Tromsø

16

16

Molde

45

43
I alt

392

383

Utdanningsdirektoratet er delt inn i 5 divisjonar med til saman 24 avdelingar. I tillegg har vi ein stab for kommunikasjon.

  1. Direktør
    1. Stab for kommunikasjon
    1. Divisjon for kunnskap og teknologi
      1. Avdeling for digitale fellesløsninger 1
      2. Avdeling for digitale fellesløsninger 2
      3. Avdeling for forskning og internasjonale studier
      4. Avdeling for statistikk og dataforvaltning
      5. Avdeling for rettferdsvederlag og fagopplæring
    2. Divisjon for læring og vurdering
      1. Avdeling for læreplan videregående opplæring 1
      2. Avdeling for læreplan videregående opplæring 2
      3. Avdeling for prøve- og eksamenstjenesten
      4. Avdeling for rammeplan barnehage og læreplan grunnskole
    3. Divisjon for kompetanseutvikling
      1. Avdeling for barnehage- og skolemiljø
      2. Avdeling for barnehage- og skoleutvikling
      3. Avdeling for digitale tjenester
      4. Avdeling for inkludering og pedagogisk støtte
      5. Avdeling for videreutdanning og lærerutdanning
    4. Divisjon for regelverk og tilskudd
      1. Avdeling for barnehageloven og etatsstyring
      2. Avdeling for internjuridiske tjenester og private skoler
      3. Avdeling for opplæringsloven
      4. Avdeling for tilskuddsforvaltning
      5. Avdeling for tilsyn
      6. Avdeling for økonomisk tilsyn private barnehager
    5. Divisjon for styring og organisasjon
      1. Avdeling for dokumentasjon og arkiv
      2. Avdeling for HR
      3. Avdeling for IKT drift
      4. Avdeling for økonomi
Utvalde nøkkeltal
Nøkkeltal frå årsrekneskapen20222023
Tal på utførte årsverk329339
Samla tildeling post 01-99 i kr 1 000

14 015 475

14 921 360
Utnyttingsgrad post 01-29 i prosent

97,0

97,2
Driftsutgifter i kr 1 000

1 406 318

1 489 918
Lønnsdel av driftsutgifter i prosent22,9

23,7

Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 0009771 043
Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 000 ekskl. honorar, styre, råd og utval

920

981

Konsulentdel av driftsutgifter i prosent

18,3

15,3

10,3 mrd. kroner av tildelingane i 2023 gjekk til ulike tilskotsordningar som er utgiftsførte på tilskotspostar innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, private skular og folkehøgskular, og nokre andre formål. Note 7 i årsrekneskapen viser at vi utgiftsførte om lag 12 mrd. kroner innanfor tilskotsforvaltning og andre overføringar frå staten. Forskjellen kjem av at note 7 viser kva som er utgiftsført på tilskotskontoar og ikkje berre for tilskotspostar. Om lag 2 mrd. kroner er utgiftsførte på tilskotskontoar, hovudsakleg på tilskot til kommunar og fylkeskommunar, på driftspostar innanfor kvalitetsutvikling i barnehage, skule og innanfor vidareutdanning. Som det kjem fram av diagrammet over, består tilskotsforvaltninga av omtrent 70 prosent av ressursane til direktoratet. Den største satsinga utover dette er vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

For meir informasjon om tilskotsforvaltninga til direktoratet viser vi til eiga årsrapportering som blir send til Kunnskapsdepartementet i april.