Årsrapport 2023

Del III Aktivitetar og resultat

Overordna vurdering av måloppnåing

Måla til Utdanningsdirektoratet for 2024

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter varetek utviklinga, læringa og trivselen til barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter.
  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.
  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket.
  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane og overfor lærebedriftene.
  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative prosessar.

Samfunnsoppdraget vårt er at barn, unge og vaksne skal lære, meistre og trivast i inkluderande fellesskap. Trygt og godt barnehage- og skulemiljø er ein føresetnad for læring og utvikling. Nedgang i lærings- og trivselsresultata er derfor alvorleg. Det har vore tilfelle i året som har gått.

I samsvar med regelverket er det barnehage- og skuleeigar som har ansvar for å sikre rettane til barn og unge innanfor barnehage og grunnopplæring, mens Utdanningsdirektoratet si rolle i hovudsak er å støtte og hjelpe barnehage- og skuleeigarar. Vi skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane kan løyse oppgåvene sine. På nokre område har vi, direkte eller gjennom statsforvaltarembeta, også ansvaret for å kontrollere oppgåveutføringa til barnehage- og skuleeigarar.

Utdanningsdirektoratet har hatt høg aktivitet i året som har gått. Vi leverer mange bidrag inn til sektor og til politikkutvikling innanfor både barnehage og skule. Samtidig er det altså mykje som tyder på at læringa og trivselen til barn og unge er i negativ utvikling. Sjølv om dei fleste elevane trivst på skulen, viser Elevundersøkinga negative tendensar både når det gjeld mobbing, utvikling i dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane i lesing og rekning, fråvær blant elevane og opplevinga av motivasjon i eigen kvardag. Vi må få meir kunnskap om årsakene til utviklinga, og tilpasse verkemidla våre i møtet med nye utfordringar.

Året som har gått, har underbygd at det er utfordringar knytte til måloppnåing på alle brukareffektmåla våre. All den tid vi er eit sektordirektorat, har vi òg eit ansvar for kontinuerleg å utforske om vi bruker fagkunnskapen og ressursane våre på ein slik måte at det gir mest mogleg effekt for sektor. På nokre område, slik som kompetanseutvikling, når vi ikkje alle målgrupper like godt. Vi må derfor jobbe vidare med å finne løysingar som er ressurseffektive og treffsikre. Innanfor regelverk veit vi at det er vanskar med etterleving i sektor. Sektoren blir òg stilt overfor store utfordringar i samband med rask teknologisk utvikling og digitalisering, noko som i 2023 mellom anna gav seg utslag i utfordringar med gjennomføring av våreksamen. I tillegg er det eit endå større potensial enn i dag når det gjeld analysen og formidlinga vår av kunnskap, deriblant å nå ut med praksisnær og nyttig kunnskap til sektor. Desse utfordringane betyr at måtane vi har jobba på, ikkje nødvendigvis vil vere dei rette arbeidsmåtane eller prioriteringane i tida framover. Samtidig som vi varetek ansvaret til staten for å sikre retten barna og unge har til læring, meistring og trivsel, må vi òg jobbe for å ikkje innskrenke handlingsrommet til kommunane.

Nedanfor har vi delt opp rapporteringa i fem område: barnehage- og skulemiljø, kompetanseutvikling, kvalitetsutvikling, arbeid for spesielt utsette grupper, og strategisk utvikling i sektor, inkludert digitalisering. Rapportering om regelverket og kunnskapsgrunnlaget er integrert gjennom heile teksten. På alle desse områda arbeider vi for å oppfylle samfunnsoppdraget om å styrkje læring og trivsel hos barn og unge gjennom eit breitt spenn av aktivitetar.

Barnehage- og skolemiljø

Overordna vurdering av status på barnehage- og skulemiljø

Dei to siste åra har vi sett ei negativ utvikling i skulemiljøet til elevane, slik det blir målt i Elevundersøkinga. Motivasjonen og trivselen til elevane fell parallelt. Dette er i tråd med funn frå andre undersøkingar, og det ser ut til å vere ein trend vi òg ser i fleire land. Delen elevar som seier i Elevundersøkinga at dei blir mobba, har stige mykje, og no seier 15,9 prosent av elevar på 5. trinn at dei blir mobba. Delen elevar som blir mobba, fell utover i skuleløpet, men er like fullt på 6,1 prosent på vg3. NTNU samfunnsforsking har analysert spørsmåla om mobbing i Elevundersøkinga. Analysen viser mellom anna at totalt 10 prosent opplever å bli utsette for mobbing, at alle former for mobbing aukar, og at tiltaka til skulen ofte ikkje hjelper.

I tillegg veit vi at psykososialt barnehagemiljø er ei utfordring. Tilbakemeldingar frå statsforvaltarane peikar på at det bør jobbast meir systematisk med dette over tid i barnehagane. Systematisk arbeid over tid er òg viktig i skulen for å sikre eit trygt og godt skulemiljø. Andre viktige føresetnader er god klasseleiing, vaksne som er til stades og bryr seg, og godt samarbeid mellom heim og skule. Vi ser at dei skulane som jobbar godt med skulemiljøet, legg stor vekt på elevmedverknad og på å byggje eit godt miljø. Det å byggje eit lag rundt og med barn og elevar har vist seg å ha god effekt og er òg knytt til betre ferdigheiter og betre psykisk helse.

Oppgåva vår som direktorat er å bruke dei rette verkemidla for å setje barnehage- og skuleeigarar i stand til å gi gode og likeverdige tilbod. Regelverket er det viktigaste verkemiddelet vårt for å bidra til trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Grunnleggjande i regelverket er at alle rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø, og at barnehagen og skulen har førebyggingsplikt og ei aktivitetsplikt for å sørgje for at barn og elevar får oppfylt denne retten. I 2023 har direktoratet hatt auka medvit om verkemiddelbruken vår, og vi sameiner i større grad dei juridiske og dei pedagogiske verkemidla slik at dei skal verke betre i barnehagar og skular. Det er potensielt mykje læring og rettleiing gjennom tilsyn og i enkeltsaker som kan bidra til betre førebyggjande innsats på lengre sikt. Samtidig kan eit einsidig fokus på kontroll av regelverket gå ut over det førebyggjande og systemiske arbeidet med trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Derfor jobbar vi kontinuerleg med å treffe rett balanse i innsatsen og kommunikasjonen ut mot sektorane.

Rapportar og undersøkingar

Manglande regelverksetterleving handlar i stor grad om manglande kompetanse og kapasitetsutfordringar hos skuleeigarane, ifølgje ein rapport frå Proba samfunnsanalyse om etterleving av opplæringslova. Når det gjeld endringane i motivasjonen og trivselen til elevane, vil vi framover jobbe meir med kunnskapsgrunnlaget. I løpet av 2024 kjem det fleire rapportar frå NTNU samfunnsforsking som ser nærmare på resultata frå Elevundersøkinga, og vi har òg lyst ut eit forskingsoppdrag om trivselen til elevar og skulemiljø, slik at vi får meir kunnskap om utviklinga. Forskarane skal mellom anna sjå på korleis skulane jobbar med skulemiljøet, og kva som hemmar og fremjar utviklinga av eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø der elevane trivst.

Handhevingsordninga

Vi har i løpet av 2023 behandla 29 klagesaker knytte til psykososialt skulemiljø, 5 av dei var avvisingssaker. Utfallet blant dei resterande blei medhald i 4 saker, delvis medhald i 6 saker, og ikkje medhald i 14 saker. Vi prioriterer desse sakene framfor alle andre saksbehandlingsoppgåver, noko vi meiner sikrar elevane effektiv og rettssikker saksbehandling. Sett i forhold til talet på melde saker hos statsforvaltarane får vi relativt få klagesaker. Dette har vore ein tendens heilt sidan handhevingsordninga blei innført. Det kan ha samanheng med at sakene kan endre seg mens dei er til behandling hos statsforvaltaren, at statsforvaltaren jamt over gjer gode vedtak, og at skulen kan forbetre arbeidet sitt når elev eller foreldre melder saka si til statsforvaltaren. Vi vil sende oppsummering av årsrapportane frå statsforvaltarane til Kunnskapsdepartementet i april.

Oppfølging av statsforvaltaren

Vi bidreg til at statsforvaltarane har mest mogleg rett og lik regelforståing når dei gjennomfører rettleiingsarbeidet sitt ut mot sektor, og når dei behandlar skulemiljøsaker. I 2023 har vi gjort fleire utviklingstiltak i samarbeid med statsforvaltarane. Formålet er å bidra til likebehandling mellom embeta og meir lik praksis for behandling av skulemiljøsaker. Døme på slike tiltak er ny saksbehandlarrettleiar og fast praksis for å sende kopi av klagevedtaka våre til alle embeta. Vi svarer òg løpande på prinsipielle spørsmål frå embeta om regelverket i form av tolkingsutsegner. Ut frå det vi ser i vedtaka til statsforvaltarane, ser det ut som dette har hatt ein positiv effekt, og at det bidreg til likebehandling.

Vi ser at talet på melde skulemiljøsaker til statsforvaltaren har auka det siste året. Dette har i dei aller fleste embeta ført til lenger saksbehandlingstid. Den auka saksbehandlingstida er ikkje i tråd med intensjonen bak handhevingsordninga. Vi har derfor jobba målretta for å hjelpe statsforvaltarane med å korte ned saksbehandlingstida i skulemiljøsaker. Eit av tiltaka er å besøkje alle embeta i løpet av hausten 2023 og våren 2024. Formålet er å drøfte situasjonen med kvart enkelt embete, og auke den felles forståinga vår av kva som skal til for at handhevingsordninga skal bli raskare og meir rettssikker. I møta foreslår vi òg effektiviseringstiltak på bakgrunn av den informasjonen vi har om saksbehandlinga i kvart enkelt embete. Endringane i den nye opplæringslova er òg tema i desse møta.

Risikobaserte tilsyn og avdekte brot på regelverket

Vi har i løpet av 2023 gjennomført seks stadlege privatskuletilsyn med temaet skulemiljø og internkontroll. Vi har avdekt regelverksbrot i alle desse tilsyna. I tillegg har vi revidert Felles nasjonalt tilsyn (FNT).

Vi har òg gjennomført tilsyn med spesialkompetansen, gjennomføring av Elevundersøkinga, spesialundervisning og internkontroll, ansvaret til styret, planlegging av spesialundervisning og arbeidet til skulen/styret med elevane sitt utbytte av opplæring. I desse tilsyna avdekte vi brot på regelverket i 60 prosent av tilfella. Dersom skulane ikkje oppfyller regelverket på desse temaa, kan det føre til store negative konsekvensar for elevane. Vi vurderer det slik at tilsyna har bidrege til å sikre betre regelverksetterleving i privatskulane.

Utvikling av barnehage- og skulemiljø

Utdanningsdirektoratet har i 2023 jobba med å vidareutvikle kompetansetiltak og forbetring av støtteressursane til sektor. Vi ønskjer å skape ei brei forståing av kva som gir trygge og gode barnehage- og skulemiljø, og av at barnehagemiljø er like viktig som skulemiljø. Vi har mange målretta og kompenserande tiltak med omsyn til barnehage- og skulemiljø, men den viktigaste innsatsen er inkluderande praksis. Derfor er inkluderande praksis ei gjennomgåande målsetjing i alle etter- og vidareutdanningstilboda for barnehage og skule. Dette rapporterer vi på i ein eigen del om kompetanseutvikling.

I 2023 har vi hatt større merksemd på vidaregåande skule enn før, og vi ser behov for at verkemidla våre treffer dei ulike målgruppene våre betre. For å få til dette trengst det ei større differensiering av tiltaka våre. Dette vil vi jobbe vidare med.

Tematikken trygt og godt barnehage- og skulemiljø har stor politisk merksemd rundt enkelte element og brei medieomtale. Vi formidlar kunnskap til Kunnskapsdepartementet, til tilsette, leiarar og eigarar, og vi formidlar regelverket i praksis på alle desse komplekse områda. Vi har fleire nettressursar, men dei er ikkje godt nok kjende i sektor. Derfor har vi ein ambisjon om å gjere desse ressursane betre kjende. Ambisjonen er òg at vi skal vere tydelegare overfor sektor på kva som er god praksis.

Over mange år har det vore sett inn ulike tiltak for å bidra til å byggje trygge og gode miljø i barnehage og skule. Tiltaka har komme med bakgrunn i ulike oppdrag og i ulike samanhengar. Kvar for seg har vi ganske mykje kunnskap om desse tiltaka. Eit stort oppdrag i året som har vore, har handla om å samordne alle tiltaka på barnehage- og skulemiljø. I dette arbeidet har det blitt gjennomført eit innsiktarbeid som har skaffa oppdatert kunnskap frå sektor, som vi skal bruke i det vidare arbeidet. Vi har levert tilrådingar til Kunnskapsdepartementet, som mellom anna er knytte til eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, ei tydelegare rolle til statsforvaltaren, og dessutan å pilotere ressursteam som skal støtte kommunar i arbeidet med trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Slik vi vurderer det, har vi lukkast med å auke forståinga i sektor om betydninga av trygge og gode barnehage- og skulemiljø i dei oppdraga vi har hatt gjennom året.

Dersom alle eigarar lukkast med å etterleve regelverket, vil alle barn og elevar vere del av eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Denne tenkinga prøver vi gjennom verkemidla våre å omsetje til støtte for barnehagar, skular og skulefritidsordningar, slik at dei får bistand til å forstå og nytte regelverket til det beste for barna og elevane. Juridiske verkemiddel, økonomiske verkemiddel og pedagogiske verkemiddel støttar opp under dette.

Kompetanseutvikling

Overordna vurdering av status på kompetanseutvikling

Kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skule er viktige verkemiddel for å sikre høg kvalitet og gode barnehage- og skulemiljø for alle barn og unge. Over år har Utdanningsdirektoratet bygd opp eit system for kompetanseutvikling, som tek utgangspunkt i lokale behov og i partnarskap med universitets- og høgskulesektoren. Med grunnlag i rammeplan for barnehagen, læreplan for grunnopplæringa og gjeldande kompetansestrategiar for barnehage og skule utviklar vi tilboda våre kontinuerleg slik at dei skal møte kompetansebehova i framtida.

Det er fleire utfordringar på kompetansefeltet. Ei overordna utfordring for eigarar og leiarar er at tiltaka har ulike innretningar, noko som bidreg til å skape eit unødig skilje mellom etter- og vidareutdanning. Det går fram av kompetansestrategiane at vidareutdanningane skal bidra til kollektiv læring og utvikling av profesjonsfellesskap i kvar enkelt barnehage og skule og hos eigar. For arbeidet med barnehage- og skuleutvikling er det nødvendig å sjå etter- og vidareutdanning i samanheng, og derfor bør eigar sjå behova for vidareutdanningstiltak i samanheng med tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling. Dette skjer ikkje i alle tilfelle. Ei kunnskapsoppsummering om vidareutdanning (Utdanningsdirektoratet, 2023) viser at det er utfordrande å omforme kompetanse frå vidareutdanning til kollektiv læring og utvikling av profesjonsfellesskapa. Samtidig viser erfaringar og tilbakemeldingar frå dei regionale etter- og vidareutdanningsnettverka i UH-regionane at lærarutdanningane i stadig større grad ser og diskuterer lokal kompetanseutvikling og vidareutdanning i samanheng. Det er lite systematisk kunnskap på nasjonalt nivå om korleis vidareutdanning kan gi bidrag til kollektiv læring og koplast tettare til barnehagen og skulen sitt arbeid med kvalitetsutvikling, mellom anna tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling.

Partnarskap mellom praksisfeltet og universitets- og høgskulemiljø som koplar vidareutdanning til lokal kompetanseutvikling, kan bidra positivt til kunnskapsutviklinga på feltet. Ei tettare kopling mellom arbeidet i partnarskapa og vidareutdanning kan styrkje det doble formålet om å både vidareutvikle kvaliteten på praksisen i barnehagar og skular og vidareutvikle kvaliteten og relevansen i lærarutdanningane.

Med utgangspunkt i rapporteringar frå statsforvaltarane og partnarskapa vurderer vi det slik at tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling er i positiv utvikling, mellom anna fordi partnarskapa fungerer betre. Aktørane er positive til denne måten å samarbeide om kompetanseutvikling på.

Ei av dei største utfordringane for kompetansemodellen er kapasitet til aktiv deltaking, både i barnehage- og i skulesektoren, hos statsforvaltarembeta og i universitets- og høgskulemiljøa. Organiseringa kan opplevast både kompleks og krevjande, og mange eigarar etterlyser betre koordinering og samordningar av statlege støtteordningar på oppvekstfeltet. For universitets- og høgskulesektoren (UH) blir behovet for langtidsperspektiv understreka, slik at dei kan planleggje organisering og ressursbruk inn mot ordningane. Når det gjeld statsforvaltarane, rapporterer dei at store delar av kapasiteten deira blir brukt til klagebehandling og tilsyn, sjølv om det er ein premiss for ordninga at statsforvaltaren jobbar aktivt med å inkludere alle barnehage- og skuleeigarar i ho.

Den desentraliserte modellen for kompetanseutvikling legg til grunn at nasjonale innsatsar blir kanaliserte inn i modellen, samtidig som vi ser at modellen er under press av ulike innsatsar på prioriterte område. Kompetanseløftet er døme på ein innsats som har fungert godt i parallell med kompetansemodellen, der vi òg har lukkast godt med å få til heilskap og samanheng i dei ulike verkemidla. Barnehage og skule står overfor fleire store utfordringar knytte til den negative trenden i læring og trivsel, og det er eit aukande press om fleire tematiske satsingar for å møte spesifikke utfordringar i sektor. Balansen mellom lokal handlefridom og nasjonale prioriteringar og verkemiddel for styring blir viktig. Fleire enkeltinnsatsar inneber ein risiko for meir fragmenterte verkemiddel, og for at satsingar blir konkurrerande. For dei store utfordringane meiner vi det vil gi best resultat å bruke dei store verkemidla, og heller utforske korleis ein kan sørgje for at nasjonalt prioriterte utviklingsområde blir følgde opp lokalt. Absorberingsevne i kommunane er heilt avgjerande for at vi skal kunne få berekraftige satsingar som gir resultat. Samtidig får vi tilbakemeldingar om at absorberings­evna er overskriden for fleire kommunar. Derfor må vi jobbe for at summen av innsatsane frå staten er handterlege for målgruppa.

Ein viktig del av kompetanseutviklingstiltaka til direktoratet er digitale kompetansepakker. Dei skal gi fagleg påfyll og støtte til å utvikle temabasert kompetanse og praksis i barnehagar, skular, PP-tenesta, lærebedrifter og prøvenemnder. Vi ser gjennom rapporteringa frå partnarskapa i tilskotsordninga at dette er eit verkemiddel som blir nytta. I 2023 var inkluderande praksis og trygt og godt barnehage-, skule- og SFO-miljø blant dei mest besøkte pakkene våre, noko som tyder på at nasjonale signal om prioriteringar blir følgde opp av eigarane.

I 2022 kom NOU-en «Med videre betydning».  NOU-en peikar på at dagens system er omfattande og fragmentert. Målet er å utvikle eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling. Behandlinga av NOU-en vil ha mykje å seie for det vidare arbeidet til direktoratet på feltet. Eit av områda som blir beskrive, er forvaltning av ordningane for lokal kompetanseutvikling og vidareutdanning, der vi leverte tilrådingar i juni 2023. Dette kan på sikt ha konsekvensar for innretninga vår av kompetansefeltet. Vi er i dialog med KD om utviklinga av eit meir heilskapleg system, og bidreg aktivt inn i arbeidet.

Vidare kom NOU-en «Et nytt system for kvalitetsutvikling» i november 2023. Koplinga mellom dei to felta kompetanse- og kvalitetsutvikling er ein føresetnad for i større grad å lukkast med å sjå heilskap og samanheng i barnehage og skule. Ein føresetnad for systematisk kvalitetsutvikling er relevant kompetanse. Vi har sett på grep for å styrkje denne samanhengen – korleis verktøya kan støtte lokal kompetanseutvikling gjennom m.a. å innhente systematisk brukarinnsikt. Dette skal bidra til kompetanseplanlegging på eigarnivå, som er ei utfordring i dag. Leiing i barnehage og skule er òg viktig for å sjå desse systemutfordringane, og vi arbeider med å utvikle tiltaka våre knytte til leiarar.

Kvalitet og deltaking i vidareutdanning for tilsette i barnehage og skule

Vi arbeider kontinuerleg med vidareutdanning med utgangspunkt i gjeldande kompetansestrategiar for barnehage og skule. Nedanfor blir dei ulike vidareutdanningstilboda beskrivne. Den digitale kompetansen til dei tilsette er ein integrert del av alle tilboda.

Vidareutdanning for barnehagelærarar

Vidareutdanning for barnehagelærarar inngår som eitt av fleire tiltak i strategien Kompetanse for fremtidens barnehage (revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2023–2025). 1765 barnehagelærarar fekk tilbod om å ta vidareutdanning studieåret 2023–2024. 1050 barnehagelærarar fekk tilbod om å ta vidareutdanning studieåret 2022–2023.

Søkjarar til studium i spesialpedagogikk og samiske fag blei prioriterte i søknadsbehandlinga vår. Blant tilboda i studiekatalogen til Utdanningsdirektoratet har det vore ein stor auke i talet på søknader til spesialpedagogikk. Digital kompetanse i barnehagen, leiing av utviklingsarbeid og samisk språk, kultur og tradisjon i alle barnehagar er nye tilbod i 2023. 

Søknader til vidareutdanning for barnehagelærarar
SpråktilbodRegistrerte søknaderGodkjende søknaderGodkjende frå Udir
Språkutvikling og språklæring hos barn222196184
Digital kompetanse i barnehagen128112112
Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet403230
Leiing av utviklingsarbeid847163
Pedagogisk leiing og læringsmiljø131121118
Realfag i barnehagen181616
Samisk språk, kultur og tradisjon i alle barnehagar302424
Spesialpedagogikk892788465
Tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk1069292
Rettleiarutdanning194169

84

Rettleiarutdanning for praksislærarar428

370

298

Andre (sjølvvalde)336

305

279
Sum260922961765

I 2023 blei deltakarundersøkinga gjennomført for barnehagelærarar som tok vidareutdanning i 2022. Funna viste at barnehagelærarar er svært motiverte for å ta vidareutdanning. Dei opplever kvaliteten på tilbodet som god, men når det gjeld bruk av digitale ressursar i utdanninga, blir dette opplevd som noko mangelfullt. Dei fleste barnehagelærarane gir uttrykk for å sitje igjen med eit praktisk læringsutbytte. Samtidig synest fleire det er krevjande å balansere studiar med jobb og privatliv. Barnehageeigar si tilrettelegging for deltaking på studia er viktig for opplevd læringsutbytte. Bruk av tilretteleggingsmidlar varierer. Dei barnehagelærarane som opplevde å bli involverte i tilrettelegginga, oppgir òg at dei i større grad enn andre fekk permisjon med lønn for å delta på studiesamlingar eller ta ut lesedagar.

Vidareutdanning for lærarar

Ordninga vidareutdanning for lærarar er forankra i strategien Kompetanse for kvalitet. Strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025. Strategien blei først lansert i 2015, men blei revidert i juni 2023. I den reviderte strategien kjem det tydelegare fram at satsinga på vidareutdanning skal bidra til at skuleeigar skal kunne styrkje kompetansen i alle fag.

Studieåret 2023–2024 var det 219 studietilbod i studiekatalogen til Utdanningsdirektoratet. Dei fleste tilboda i katalogen var delvis nettbaserte med samlingar, ein god del var heilt nettbaserte tilbod. For første gong var det i 2023 studietilbod med hybrid løysing, det vil seie at deltakarane kunne velje å delta digitalt på dei fysiske samlingane.

I 2023 blei deltakarundersøkinga gjennomført for lærarar som tok vidareutdanning studieåret 2022–2023. Funna i deltakarundersøkinga viser at lærarane i all hovudsak opplever eit godt læringsutbytte av å ta vidareutdanning. Lærarane i undersøkinga oppgir å vere motiverte og opplever at utdanninga òg kjem elevane til gode. Som ved tidlegare deltakarundersøkingar indikerer resultata at det er store forskjellar mellom skular når det gjeld kultur for kunnskapsdeling. Over halvparten seier at skuleleiinga ønskjer at dei skal ta vidareutdanning, men berre to av fem opplever at skuleleiinga etterspør det dei har lært, eller legg til rette for at dei kan dele.

I tillegg til dei årlege deltakarundersøkingane blei det våren 2023 gjennomført ei kvalitativ oppfølgingsundersøking for å undersøkje korleis deltakarar som har teke vidareutdanning for barnehagelærarar, lærarar og yrkesfaglærarar, vurderer betydninga av utdanninga halvtanna år etter at dei var ferdige. Hovudfunna viser at vidareutdanninga er høgt verdsett, og at den nye kunnskapen har hatt mykje å seie for motivasjonen, at deltakarane har teke i bruk nye metodar, og at dei har opplevd større fagleg tyngd. Rapporten viser døme på at dei som har teke vidareutdanning, har utvikla ei rolle som endringsagent på arbeidsplassen, men at ein plan for kunnskapsdeling er avgjerande for endring. Tidspress i arbeidskvardagen, særleg for barnehagane, går på kostnad av fordjuping, refleksjon og moglegheiter til å omsetje kunnskap i praksis. Informantane fortel om ein utbreidd delingskultur i barnehage og skule. For at vidareutdanning skal kunne brukast til ei kollektiv profesjonsutvikling, krevst det både innsats frå deltakarane sjølve og ei systematisk tilrettelegging frå leiinga.

Trass i forslaget om å lovfeste eit unntak frå kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag for lærarar med lærarutdanning frå før 2014, blei dei nasjonale prioriteringane for engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk vidareført for studieåret 2023–2024. Som i 2022 var også søknader til spesialpedagogikk og dei praktiske og estetiske faga prioriterte, og dessutan søknader frå kommunar i oppfølgingsordninga og Finnmark fylke.

Søknader videreutdanning for lærarar
FagRegistrerte søknaderGodkjende frå eigararGodkjende frå Udir
Engelsk864641641
Matematikk973733733
Norsk2027764765
Norsk teiknspråk261415
Samisk151313
Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring1297474
Praktiske og estetiske fag1021619606
Spesialpedagogikk24861660 1491
Andrespråkspedagogikk 732 484 353
Begynnaropplæring 451300 239 
Naturfag 355249 196 
Profesjonsfagleg digital kompetanse 393274 196 
Programmering 711549 409 
Rettleiarutdanning 899548 388 
Andre fag 1029684 518 
Sum 1111176066637 

Det blei betalt ut 890 mill. kroner til vikarmidlar og 241 mill. kroner til stipendmidlar til skuleeigarar i 2023. I tillegg blei det betalt ut 250 mill. kroner for studieplassar til universitet og høgskular.

Vidareutdanning for yrkesfaglærarar

Studieåret 2023–2024 fekk 328 yrkesfaglærarar tilbod om vidareutdanning med stipend eller vikarmidlar gjennom Yrkesfaglærerløftet – Strategi for fremtidens fagarbeidere (2015).

15 søknader blei avslåtte på grunn av budsjettramme for ordninga. Talet på innvilga søknader fordelte seg på fem universitet og høgskular. I tillegg til studietilboda i studiekatalogen til Utdanningsdirektoratet er det innvilga 87 søknader til andre studietilbod ved fagskular, universitet og høgskular.

Det blei i 2023 betalt ut 48 mill. kroner til stipend og vikarmidlar, og 16,3 mill. kroner i tilskot til UH for studieplassar.

I 2023 blei deltakarundersøkinga gjennomført for yrkesfaglærarar som tok vidareutdanning i 2022. Hovudfunn frå undersøkinga viste at

  • lærarane har høg eigenmotivasjon og ønske om fagleg utvikling
  • kollegaer som tek same studium, er viktig støtte
  • kulturen for kunnskapsdeling på skulen varierer betydeleg
  • studiane innfrir forventningar til kvalitet og relevans
  • delen nettbaserte studiar er høg for yrkesfaglærarar samanlikna med andre lærarar

Utdannings- og rekrutteringsstipend

Ordninga skal bidra til kvalifisering av tilsette i skulen som ikkje har godkjend lærarutdanning. Skuleeigarar kan søkje om utdanningsstipend for tilsette som treng praktisk-pedagogisk utdanning eller yrkesfaglærarutdanning. Dei kan òg søkje om stipend for minoritetsspråklege lærarar og stipend til tilsette med ei tidlegare påbyrja, men ikkje fullført lærarutdanning. Den siste kategorien er ei forsøksordning der seks ulike studiestader deltek. Forsøket gjekk opphavleg fram til desember 2025, men har blitt forlengt fram til 31. desember 2026.

Skuleeigarar kan òg søkje om rekrutteringsstipend for å kvalifisere personar utan godkjend lærarutdanning som dei ønskjer å rekruttere inn i skulen. Det blei innvilga stipend til i alt 539 nye deltakarar i 2023. Av desse var det 21 stipend til fullføring av lærarutdanning og 18 stipend til minoritetsspråklege lærarar. 411 lærarar som har fullført praktisk-pedagogisk utdanning og yrkesfaglærarutdanning, fekk utbetalt andre del av stipendet. Minoritetsspråklege lærarar og dei som skal fullføre tidlegare påbyrja lærarutdanning, kan søkje om stipend for så mange semester som trengst for å bli kvalifisert som lærar. Dei får då utbetalt stipend for eitt år om gongen. I 2023 var det 18 som fekk utbetalt stipend som hadde blitt innvilga tidlegare år. Totalt blei det utbetalt stipend for til saman 82,8 mill. kroner i 2023.

Styrarutdanning

I 2023 var det 299 barnehageleiarar som starta på studiet. Dette er ei deltaking som ligg på om lag same nivå som i 2022 og 2021. Styrarutdanninga har god måloppnåing på kvalitet i utdanninga og deltaking. I samsvar med deltakarundersøkinga er deltakarane i all hovudsak svært fornøgde med styrarutdanninga og meiner at ho er relevant for eige arbeid. Betydninga av utdanninga ser òg ut til å vare over tid. Men det går òg fram at tre av fire deltakarar opplevde det som krevjande eller svært krevjande å kombinere styrarutdanninga med arbeid i barnehagen, og over halvparten av deltakarane seier at dei i liten eller svært liten grad blei avlasta frå arbeidet. Dette knyter seg til kapasitetsutfordringar som blei skisserte innleiingsvis.

Rektorutdanning

Søkninga til rektorutdanninga var god i 2023, og vi hadde det høgaste talet søkjarar sidan 2018. 655 søkte rektorutdanning, og 574 søknader blei godkjende av skuleeigar. Alle godkjende søknader fekk tilbod om studieplass, og i alt 511 takka ja og byrja på utdanninga hausten 2023. Dei siste åra har delen som fullfører rektorutdanninga, vore på 91 prosent.

Deltakarundersøkinga som blei publisert i mai 2023, viste at deltakarane på rektorutdanninga er høgt motiverte og fagleg tilfredse med utdanninga. Dei aller fleste deltakarane meiner at utdanninga har vore relevant, at ho har vore teoretisk og praktisk orientert, og at kombinasjonen av teori og praksis har vore god. Deltakarane oppgir at dei opplever at vidareutdanninga har gitt stort læringsutbytte. Tilbydarane sine eigne evalueringar av utdanninga gir det same biletet som deltakarundersøkinga.

Mange deltakarar svarer at det er ei utfordring å kombinere studiar med jobb, og saknar betre tilrettelegging på arbeidsplassen. Halvparten av respondentane rapporterer at dei ikkje fekk avlasting med oppgåver for å frigjere tid til å jobbe med utdanninga mellom samlingane i utdanningsopplegget. Manglande tilrettelegging gir ein umogleg balanse mellom jobb, studiar og fritid og er ei viktig årsak til fråfall. Dei fleste deltakarane har fått utgifter dekte i samband med utdanninga.

Resultat som blei publiserte i 2023 frå forskingsprosjektet som er i gang, og som blir leidd av OsloMet, om den nasjonale skuleleiarutdanninga (2020–2024), viser at rektorutdanninga byggjer på prinsipp som i sum møter kravet om ei tidsriktig og effektiv utdanning. Forskinga viser òg at utdanninga gir avtrykk i leiarpraksisen til deltakarane og i organisasjonane til leiarane.

På bakgrunn av deltakarundersøkinga, evalueringane frå tilbydarane og resultat frå forskingsprosjektet, har direktoratet hatt møte med tilbydarane for å sjå korleis kvaliteten på utdanninga kan forbetrast og vidareutviklast.

Modular for leiarar i barnehage og skule

Modulbaserte vidareutdanningar for leiarar har høg måloppnåing når det gjeld kvalitet og deltaking i dei fem modulane juss for leiarar, leiing av utviklings- og endringsarbeid, barnehage- og skulemiljø og leiing, leiing og digitalisering og leiing av profesjonelle læringsfellesskap. Dei tre førstnemnde er felles utdanningstilbod til barnehage- og skuleleiarar. Dei to siste er separate tilbod til skuleleiarar.

Deltakarane er i all hovudsak svært fornøgde med utdanningane og gir uttrykk for at dei har høg relevans for eige arbeid. Motivasjon og arbeid mellom samlingar bidreg mest til læringsutbyttet. Men vi ser òg utfordringar her. I deltakarundersøkinga for modulane går det òg fram at det er lettare å få utgifter dekte enn å få avlasting frå oppgåver, og at kunnskapsdeling går føre seg internt meir enn på tvers av einingar. Dette er ein del av vurderingsbilete som gjeld fleire vidareutdanningstilbod. Skuleåret 2022–2023 starta 211 barnehageleiarar og 505 skuleleiarar på modulbasert vidareutdanning. Tilsvarande tal for 2023–2024 er 259 barnehageleiarar og 440 skuleleiarar. 

Andel med relevant utdanning i barnehagane
 2019 2020202120222023
Barnehagelærarar (eller tilsv.)42,4 %43,1 %43,6 %43,0 %42,4 %
Anna pedagogisk utdanning1,8 %  1,8 % 1,7 % 1,8 %

1,8 %

Barne- og ungdomsarbeidar21,0 % 21,7 %  22,3 % 22,7 %

23,0 %

Anna høgare utdanning1,8 % 1,9 %  1,8 % 1,6 %

1,7 %

Anna fagarbeidarutdanning

4,9 %5,0 %5,2 %5,0 %

4,9 %

Annan bakgrunn28,0 %26,5 %25,5 %25,9 %26,2 %

Kvalitet og deltaking i tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling

Tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling omfattar regional ordning for barnehage, desentralisert ordning for skule, og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I tillegg er det ei eiga tilskotsordning som omfattar desentralisert ordning for yrkesfag. Målet for tilskotsordningane er auka kvalitet gjennom styrkt kollektiv kompetanse i barnehagar, skular og lærebedrifter. Kompetanseutviklingstiltak skal vere baserte på lokale behov og vere organiserte gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. For tilskotsordninga for yrkesfag er samarbeid med aktørane i fag- og yrkesopplæringa sentralt.

Oppgåvene og verkemidla våre i arbeidet med tilskotsordninga kan samanfattast slik:

  • tildeling til statsforvaltar gjennom supplerande tildelingsbrev
  • fordeling av midlane til fylkeskommunane gjennom årlege tilskotsbrev
  • regelmessige dialogmøte/samlingar på saksbehandlarnivå med statsforvaltarane og fylkeskommunane
  • utvikling, tilrettelegging og oppfølging av rapportering frå
  • partnarskapa i samarbeid med statsforvaltarane
  • fylkeskommunane i tilskotsordninga for yrkesfag
  • oppfølging av forskingsbaserte evalueringar
  • dialog med sektor gjennom referansegruppe og samarbeidsmøte
  • oppfølging og dialog med UH-regionar og UH-nettverk

Oppbygging av kompetanse på inkludering og spesialpedagogikk i kommunar og fylkeskommunar

Kompetanseløftet er både ein del av tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling og eit sentralt verkemiddel for å styrkje arbeidet med spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Statped er ein viktig samarbeidspart i Kompetanseløftet. Dei deltek aktivt i alle samarbeidsforuma i fylka, og kompetansen deira er òg i aukande grad etterspurd i partnarskapa.  Det har vore retta stor merksemd mot det spesialpedagogiske feltet, til dømes har spesialundervisning vore eit prioritert tilsynsområde for å sikre betre regelverksetterleving i sektor. Det har òg vore ein stor auke i delen lærarar som har fått innvilga vidareutdanning innanfor spesialpedagogikk. Både evalueringa av Kompetanseløftet og rapporteringa frå partnarskapa viser at det tek tid å oppnå endring av praksis og sjå konkrete resultat i form av betre inkludering og tilrettelegging for barn og elevar. Likevel viser rapporteringa frå partnarskapa og erfaringane frå dei regionale konferansane at ordninga er i ferd med å bli godt etablert. Kompetanseløftet fungerer mange stader som ei brekkstong for å få til god utvikling og samordning mellom dei ulike tenestene. Etableringa av UH-nettverk for Kompetanseløftet har bidrege til auka medvit og engasjement i UH for deltaking i partnarskapa.

Auka tverrsektorielt samarbeid for å byggje eit godt lag rundt barna og elevane har stor merksemd i partnarskapa. Både rapporteringa og innspel frå erfaringskonferansane viser til gode døme på korleis kommunane legg til rette for dette i praksis, sjølv om det òg blir opplevd som utfordrande og ressurskrevjande. Dette har òg synleggjort behovet for betre tverrsektoriell samordning nasjonalt.

I arbeidet med Kompetanseløftet har PP-tenesta vore ei prioritert målgruppe. Kapasitetsutfordringar i PPT har også i 2023 blitt løfta fram på fleire ulike arenaer, både gjennom rapportering frå partnarskapa i Kompetanseløftet og delrapport 2 Evaluering av Kompetanseløftet. Kompetansekartlegging viser at PP-tenesta har høg kompetanse på det spesialpedagogiske feltet, men dei har behov for meir kompetanse for å bidra i det systemretta arbeidet. Denne kapasitetsutfordringa er noko vi følgjer tett med på vidare inn i 2024 for å sikre at vi byggjer relevant støtte rundt ansvarsområda til PP-tenesta i sektor og kompetansebehovet til PP-tenesta.

Rapporten løftar òg fram nokre fokusområde knytte til mellom anna bruken av programteori, involvering av heile laget rundt barnet, utskiftingar, forankring og kapasitetsutfordringar som kan påverke og potensielt utfordre gjennomføringa av Kompetanseløftet.

For å møte utfordringane som er beskrivne ovanfor, har vi i 2023 utvikla ei betre overbygning og ein betre samanheng mellom ressursane våre på udir.no. Dette gjeld særleg innanfor inkludering, spesialpedagogikk, barnehage- og skulemiljø, urovekkjande skulefråvær og ny opplæringslov.

Digital kompetanse hos dei tilsette

Alle tilsette i barnehagar og skular treng digital kompetanse for å realisere mål i rammeplan og læreplan. I 2023 gjennomførte vi ei omfattande oppdatering av Rammeverk for den profesjonsfaglege digitale kompetansen til læraren (PfDK-rammeverk). Oppdateringa blei gjord i samarbeid med lærarutdanningane, relevante forskingsmiljø og partar i arbeidslivet. Rammeverk for lærarar i skulen blei først publisert i 2017. Sidan då har store teknologiske endringar prega samfunnet og påverka den digitale kompetansen og profesjonen til læraren. Dette kravde oppdatering og var etterlyst av miljøa som var involverte i prosessen.

Læring og vurdering

Overordna vurdering av status for læring – ein negativ trend i læringsresultata til elevane

I 2023 har vi gjennom fleire undersøkingar fått kunnskap om læringsresultata til elevane i fleire ferdigheiter og fag.

Undersøkinga PIRLS viser ein markant nedgang i leseprestasjonane til norske tiåringar. Omtrent ein femdel av dei norske tiåringane i 2021 har svake leseprestasjonar. Dette er nesten dobbelt så mange som i 2016. Samanlikna med 2016 er det òg færre elevar med sterke leseprestasjonar.

Undersøkinga ICCS viser at norske elevar i 9. klasse skårar lågare på ein kunnskapstest om demokrati og medborgarskap enn i 2016. Det er fleire elevar enn før på det lågaste kunnskapsnivået.

PISA viser at norske 15-åringar presterer mykje svakare i både lesing, matematikk og naturfag samanlikna med PISA 2018. Stadig fleire elevar presterer på det lågaste meistringsnivået på alle dei tre fagområda. Samla sett presterer 41 prosent av elevane på det lågaste meistringsnivået på eitt eller fleire av fagområda.

På dei nasjonale prøvene gjorde elevane på 8. og 9. trinn det noko svakare enn førre kull i både lesing og rekning. Resultata i engelsk endra seg lite. Det er små endringar i resultata for nasjonale prøver for 5. klasse samanlikna med 2022. Årets elevkull presterer litt svakare i lesing enn fjorårskullet, mens prestasjonane endrar seg lite i rekning og engelsk. Det var òg ein nedgang i grunnskulepoeng frå 2022 til 2023, frå 43,4 til 42,4 prosent. Særleg alvorleg er det at ein så stor del av elevane er på det lågaste kunnskapsnivået. Spørsmålet er om dette er resultat som kan komme av restriksjonane som desse elevane hadde under åra med pandemi. PISA viste likevel ein nedgang også i 2018, så vi har grunn til å tru at trenden starta før pandemien. Det er mogleg at åra med pandemi har forsterka trenden. Faktorar som digitalisering, mindre lesing og den psykiske helsa til barn og unge blir tidvis trekte fram som moglege årsaker, utan at vi per no har grunnlag for å trekkje nokon eintydig konklusjon.

Resultata viser tydeleg at det er eit stort behov for å forstå drivkreftene som påverkar læringa til barn og unge, og fokusere på læringsresultata i norsk skule. Vi må sikre at vi har læringsambisjonar på vegner av alle elevar, og spesielt for den aukande delen elevar som ligg på det lågaste nivået. Barn og unge som ikkje har med seg grunnleggjande ferdigheiter når dei går ut av skulen, vil ha utfordringar med å meistre samfunns- og arbeidsliv seinare.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Samtidig som vi har fleire og fleire undersøkingar som viser ein negativ trend i læringsresultat, går utviklinga i positiv retning når vi ser på gjennomføringstal i vidaregåande opplæring. I 2023 viste gjennomføringstala at 81 prosent av elevane som byrja på vidaregåande i 2016, gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse innan seks år. Det er ein auke på 0,6 prosentpoeng frå 2015-kullet. Aldri har fleire ungdommar fullført og bestått. Andelen har auka årleg sidan det første kullet i Kunnskapsløftet byrja i 2006. I løpet av perioden 2006–2016 har gjennomføringsdelen auka med 9 prosentpoeng. Justert for kullstorleik inneber dette at det årleg er 5900 fleire ungdommar som fullfører vidaregåande opplæring med studie- eller yrkeskompetanse. Gjennomføringstalet har aldri vore så høgt, og samtidig har det aldri vore færre unge som er utanfor vidaregåande opplæring.

Trass i høge gjennomføringstal i vidaregåande opplæring i 2023 vil vi ha ein prioritert innsats framover for å sikre framleis høg gjennomføring. Det vil vi ha særleg som følgje av at svake læringsresultat på barne- og ungdomstrinnet kan ha noko å seie for gjennomføringa i vidaregåande opplæring, særleg når vi ser ho i samanheng med den negative utviklinga i skulemiljø og auka fråvær.

Forvaltning av læreplanverket

Forvaltning av læreplanverket følgjer to hovudspor. Vi jobbar parallelt med å støtte det lokale arbeidet med læreplanar og med å følgje med på kunnskapsgrunnlaget om læreplanverket LK20 og LK20S i bruk. Samtidig vidareutviklar vi innhald og struktur på yrkesfaglege utdanningsprogram slik at opplæringa i større grad fyller det framtidige kompetansebehovet i samfunnet og arbeidslivet. Med oppdrag om rammeverk for innhald og struktur i vidaregåande opplæring (oppdrag 2023-024) har vi òg starta arbeidet med utvikling av studieførebuande utdanningsprogram.

Støtte arbeidet med læreplanar

Innføringa av eit nytt læreplanverk tek tid. Tid, prioriteringar og arbeid i profesjonelle læringsfellesskap er viktige stikkord for å lukkast. I 2023 har vi fått fleire rapportar frå evalueringsprogrammet for fagfornyinga og frå evalueringa av fagfornyinga yrkesfag, og vi ser det òg i samanheng med innspel og kunnskapsgrunnlag vi får. Sjølv om evalueringane ikkje er ferdige og sektor treng meir tid til å jobbe med endringane, byrjar det no å teikne seg eit tydeleg inntrykk av status. Det store biletet er at skular og skuleeigarar prioriterer arbeidet. Mellom anna ser vi dette gjennom kva tema som blir prioriterte i desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Førebels har vi ikkje nok kunnskap om utviklinga i enkeltfag, men både rapportar og andre tilbakemeldingar peikar på moglege utfordringar ved at kompetansemåla i nokre fag, særleg i grunnskulen, er opnarar enn før.

Eit dilemma med omsyn til å vurdere måloppnåinga for innføring av læreplanverket er det store handlingsrommet som ligg lokalt. Eit viktig spørsmål er korleis Utdanningsdirektoratet, statsforvaltarar og UH-sektoren kan støtte skuleeigarar og skular i kvalitetsarbeida deira og bidra til at kompetansen i sektor er tilstrekkeleg, utan å leggje avgrensingar for handlingsrommet. Det blir viktig å sjå denne problemstillinga i samanheng med tiltak for å støtte regeletterleving og kvalitetsutvikling og oppfølginga av eit nytt system for etter- og vidareutdanning.

I 2024 vil vi halde fram arbeidet med å leggje til rette for å drøfte kunnskapsgrunnlaget internt i direktoratet, med departementet og med partane i sektor og arbeidslivet, og vurdere kva som kan og bør vere relevant oppfølging på kortare og lengre sikt. Vi ser òg behov for å analysere og drøfte korleis analysane av læreplanverket i evalueringa kan gi grunnlag for å vidareutvikle læreplanverket på lengre sikt.

I 2023 har vi førebudd og sett i gang arbeidet med eit oppdrag frå KD om å styrkje det lokale arbeidet med LK20 og LK20S. Intensjonen er å inspirere lærarar, skuleleiarar og kommunale og fylkeskommunale skuleeigarar til vidare arbeid med fagfornyinga. Arbeidet legg vekt på Overordna del og tema som er felles for heile grunnopplæringa, mens det er gjort ei fagleg avgrensing til grunnskule og fellesfag i vidaregåande opplæring. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med partane i referansegruppa for fagfornyinga. Så langt ser vi at arbeidet gir høve til å løfte fram sentrale bodskap og innhald i læreplanverket, og at lærarar, leiarar og eigarar er positive så lenge innhaldet blir praksisnært og til nytte i det konkrete arbeidet deira. Vi legg vekt på å skape synlegheit og engasjement rundt denne satsinga, samtidig som vi støttar opp under hovudspora i kompetanseordningane og andre satsingar og tiltak. Det er likevel krevjande for oss å få på plass tiltak av høg kvalitet på kort tid og på eit tidspunkt der kunnskapsgrunnlaget framleis er fragmentert. Fordi prioriteringane i arbeidet med fagfornyinga blir gjorde lokalt, og det er variasjonar i tilnærmingar og kor langt dei har komme, er det òg ressurskrevjande å utvikle nasjonale tiltak som skal treffe godt. Mellom anna er vi avhengige av få tilstrekkeleg med innspel frå sektor og sikre at partane i fagfornyinga og partane i arbeidslivet bidreg til å nå ut lokalt gjennom kanalane sine.

Eit av hovudgrepa for å gi støtte til innføring har vore kompetansepakker. Dei er mykje brukte, men vi har visst lite om korleis. I 2023 har vi fått litt meir kunnskap om bruken, gjennom evalueringane av fagfornyinga, nokre mindre evalueringar og noko brukarinnsikt. I tilknyting til oppdraget frå departementet om å styrkje arbeidet til skulane med fagfornyinga, vil vi vidareutvikle støtteressursane. Støtteressursane blir mindre brukte i vidaregåande opplæring enn i grunnskulen, noko som taler for at ressursane kan bli meir differensierte. I tillegg har vi fått tilbakemelding frå partane i arbeidslivet og fylkeskommunar om at kompetansepakker om innføring av læreplanar for vg3 / opplæring i bedrift er for omfattande. Vi har derfor publisert ein ny komprimert versjon som skal vere betre tilpassa målgruppa i prøvenemnder og lærebedrifter.

Vidareutvikling av innhald og struktur

Vi vidareutviklar innhald og struktur i både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram basert på råd frå dei rådgivande organa våre. Vidareutvikling av fag- og yrkesopplæringa skjer i samarbeid med partane i arbeidslivet. Som sekretariat for Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY) og for ti faglege råd legg vi til rette for trepartssamarbeidet på nasjonalt nivå.1 Samfunns- og arbeidslivet er i hurtig endring, og fag- og yrkesopplæringa må kunne møte nye behov stadig raskare. Dei faglege råda starta i 2023 arbeidet med ei utviklingsutgreiing for kvart yrkesfaglege utdanningsprogram. Formålet er å få meir innsikt i kva betydning grøn omstilling og digitalisering får for utdanningane framover.

I 2023 var dei faglege råda involverte i utgreiingar av i underkant av 20 forslag til endringar i tilbodsstruktur eller læreplanar. Forslaga handlar mellom anna om etablering av nye lærefag, fordjupingar i vg3, etablering av kryssløp, samanslåing av vg2 programområde og endringar i læreplan. I tillegg har råda vore involverte i oppdrag om prioritering av smale fag for utlysing av tilskot til læremiddel, og bidrege til kvalitetssikring av nye digitale verktøy som skal styrkje fag- og yrkesopplæringa: Finn lærebedrift, Yrkesfaghåndboka, Dine muligheter med yrkesfag og Jobbkartet.

I 2023 blei Rådet for studieførebuande utdanningsprogram (2022-001) etablert, i tråd med tiltak i Fullføringsreformen. Dermed har statlege utdanningsstyresmakter fått eit rådgivande organ for kunnskap og utvikling av dei studieførebuande utdanningsprogramma. Til no har fleire av oppgåvene til Utdanningsdirektoratet som gjeld studieførebuande utdanningsprogram, vore presenterte og drøfta i møte med rådet. Vi opplever at Rådet har etablert seg som ein viktig arena for drøfting av spørsmål som gjeld det studieførebuande løpet. Det gir stor verdi å kunne dele erfaringar og klargjere saker frå ulike perspektiv og frå ulike delar av sektoren. Dei fleste sakene som har vore presenterte for Rådet, har vore i ein innleiande utgreiingsfase der råd og innspel har omhandla vidare retning og nyttig kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet. Eit døme på dette er arbeidet med gjennomgang av fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring.

Oppdrag 2023-024 om gjennomgang av fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring er ei oppfølging av fullføringsreforma. Vi vil i det kommande omtale oppdraget som «nytt rammeverk for innhald og struktur i vidaregåande skule». Med rammeverk meiner vi føresegner om fag, omfanget av og innhaldet i faga, tilbodsstruktur, og korleis dette skal regulerast, til dømes i forskrift. Denne beskrivinga er eit resultat av arbeidet i haust med utfordringsbilete og ambisjonsnivå for oppdraget. Det er vår forståing at oppdraget ikkje kan løysast gjennom forskriftsendring av fag- og timefordeling åleine, men at vi må ha eit breiare perspektiv der vi ser på ulike verkemiddel utover forskrift, knytte til innhald og struktur i vidaregåande opplæring.

Hausten 2023 har vi arbeidd med kartlegging av interessentar og drøfta formålstenlege måtar å involvere og forankre sentrale partar. Vi har òg utarbeidd ein framdriftsplan for utvikling av eit målbilete og ein strategi som skal gi retning for arbeidet, og beskrive når og korleis partane skal involverast. Vi er særleg opptekne av å bruke etablerte samarbeidsarenaer, som Rådet for studieførebuande utdanningsprogram og SRY, på ein formålstenleg måte, samtidig som vi etablerer rutinar for forankring med organisasjonane der det er nødvendig.

Oppdraget har eit komplekst utfordringsbilete og eit tiårsperspektiv. Det er ein føresetnad for å lukkast med oppdraget at vi har eit solid kunnskapsgrunnlag som utgreiingsarbeidet kan byggje på, og som bidreg til legitimitet. Våren 2024 lyser vi ut eit forskingsoppdrag der vi innhentar nødvendig kunnskap for å kunne starte utgreiingsarbeidet. Samtidig byggjer vi på den kunnskapen vi allereie har frå fagfornyinga, evalueringa av fagfornyinga og fagfornyinga yrkesfag, og den erfaringa vi har med forvaltning av den yrkesfaglege tilbodsstrukturen.

Skuleval og demokrati

I 2023 var det kommune- og fylkestingsval. Utdanningsdirektoratet samarbeidde med SIKT om gjennomføring av skulevalet. Vi vurderer det slik at vi har høg måloppnåing i gjennomføringa, der vi fekk til å spreie forståinga om at skuleval er ein del av demokratiopplæringa. Årsakene til at vi lukkast, var eit godt samarbeid med SIKT og felles oppdragsforståing og prioritering på tvers i direktoratet.

Vaksenfeltet

Oppfølging av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen vedkjem heile verksemda på ei rekkje område. Ein av ambisjonane for fullføringsreforma er at vidaregåande opplæring skal bli betre tilpassa vaksne. Arbeidet vårt med fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne blir kvalifiserte til å møte krava i vidare utdanning og arbeidsliv. Innan 2035 er det forventa at norsk arbeidsliv manglar 90 000 fagarbeidarar. Dermed er behovet for fleksible opplæringsløp som tek omsyn til ønska, erfaringane og livssituasjonen til ungdom og vaksne, stort.

Sjølv om det først er med iverksetjing av ny opplæringslov at rettane i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne blir utvida, har 2023 vore eit år med mykje aktivitet på feltet. I 2023 har vi i større grad enn tidlegare lukkast med å kommunisere breidda på feltet til sektor. Dette gjeld eksempelvis å vise samanhengen mellom nye modulstrukturerte læreplanar (2022-024), vurderingsordningar, utgreiing av realkompetansevurdering (2023-001, HK-dir) og oppdrag om små fag i vidaregåande opplæring (2023-020).

Etter råd frå Fylkesdirektørkollegiet for kompetanse og utdanning (FKU) har Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) sett ned eit nasjonalt nettverk for modulstrukturert opplæring. Formålet med nettverket er å førebu implementering av modulstrukturert opplæring i vidaregåande opplæring for vaksne. Nettverket skal vere møtepunkt for informasjons- og erfaringsdeling mellom nasjonale utdanningsstyresmakter og fylkeskommunen. Spesielt skal nettverket bidra til at erfaringane frå forsøksfylka når ut til dei andre fylka. Nettverket bestod opphavleg av to representantar frå kvar fylkeskommune, og dessutan observatørar frå KS og statsforvaltaren. I 2024 intensiverer vi aktiviteten fram mot iverksetjinga 1. august 2024, og utvidar talet på representantar frå fylka til tre. Vi ser at å støtte innføring av læreplanar og vurderingsordningar ikkje er nok, og at nettverket òg blir ein sentral arena for å formidle dei nye moglegheitene for kvalifisering av vaksne som kjem med rettane i ny opplæringslov. Dette gjeld til dømes inntak av vaksne og viktigheita av realkompetansevurdering for effektiv opplæring av vaksne. Utgreiinga av dagens bruk av realkompetansevurdering, som blei gjord i samarbeid med HK-dir, er første steg på vegen mot å styrkje ordninga, slik at realkompetansevurdering blir eit effektivt og påliteleg verkemiddel.

Dei modulstrukturerte læreplanane er utforma for å betre tilpasse seg behovet, utgangspunktet og livssituasjonen til den vaksne. Læreplanane for vidaregåande opplæring for vaksne skal òg bevare lik sluttkompetanse som i eit ordinært løp. Desse læreplanane var på høyring til 1. desember 2023. Arbeidet med å støtte innføring av modulstrukturert opplæring blir påverka av utsetjinga av høyring av forskrift til ny opplæringslov. Eit døme på dette er vurderingsordningane, som er ein del av den nye forskrifta. Kommunane, fylka og partane i arbeidslivet ventar framleis på avklaringar knytte til rammer for opplæringa for vaksne. Arbeidet med å utvide ordninga med fleire modulstrukturerte lærefag blir òg bremsa av dette. Målet vårt er at modulstrukturert opplæring skal halde høg kvalitet, vere relevant og i tråd med behovet i arbeidslivet. For å få til dette treng vi eit godt samarbeid med arbeidslivet, fylkeskommunane og kommunane.

I 2023 har dei faglege råda gitt råd om kriterium for nye lærefag som kan modulstrukturerast, foreslått nye lærefag, behov for støtte til implementering av modulstrukturert opplæring, råd om vurderingsformer og eksamen. Fleirtalet av andre oppdrag som SRY var involvert i i 2023, er knytte til oppfølging av Fullføringsreformen. Det gjeld mellom anna vurderingar og råd om vegval i vidare utvikling av modulstrukturert opplæring og meir einskapleg og effektiv praksis for realkompetansevurdering.

Effektane av å modulstrukturere opplæringa er endå ikkje kjende. Gjennom utviklingsarbeidet får vi nye typar læreplanar og nye vurderingsordningar. I tillegg skjer det andre endringar i vidaregåande opplæring som vil påverke modulstrukturert opplæring. Fleire får rett på vidaregåande opplæring, aldersgrensa for kven som kan få opplæring for vaksne, blir senka til 19 år, og tidsavgrensinga for opplæring blir fjerna. Vi ser at dette er eit stort utviklingsprosjekt, og at vi i dei kommande åra må vere førebudde på å gjere justeringar på opplæringsmodellen.

Prøvefeltet

Kartleggingsprøver 2023

Kartleggingsprøvene er prøver i lesing og rekning for 1. og 3. trinn. Prøvene er frivillige for skulane å gjennomføre på 1. trinn, og obligatoriske på 3. trinn. Formålet med kartleggingsprøvene er å identifisere elevar som treng ekstra hjelp med lesing og rekning. Resultata er berre til bruk på skulenivå. 2023 var det første året med digital gjennomføring i alle kartleggingsprøvene. Digitalt format gir mellom anna moglegheit for interaktive oppgåver og oppgåver der eleven på grunn av lyd- og biletstøtte kan jobbe meir sjølvstendig. At prøvene er digitale, gjer det òg mogleg med resultatvisningar som underbyggjer formålet med prøven.

I løpet av året har vi systematisk innhenta brukarinnsikt frå både lærarar og elevar for å vurdere korleis prøvene blir opplevde, og om dei gir god informasjon til skulane. På bakgrunn av denne innsikta blir prøvene noko justerte i 2024.

Nasjonale prøver 2023 – utvikling i dei grunnleggjande ferdigheitene og den faglege kompetansen til elevane

Hausten 2023 gjennomførte vi nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn2. Prøvene er obligatoriske og skal gi skulen kunnskap om ferdigheitene til elevane i lesing, rekning og engelsk. Informasjon frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Analysar av resultata viste at elevane på 8. og 9. trinn gjer det noko svakare enn fjorårskullet i både lesing og rekning. Jentene presterer litt betre enn gutane i lesing, mens i rekning er det motsett. På 5. trinn presterer årets kull litt svakare i lesing, mens det berre er små endringar i rekning og engelsk. Gutane presterer betre enn jentene i rekning og engelsk, mens det er motsett i lesing.

Sjølv om gjennomføringa av prøvene lokalt var vellukka, opplevde vi fleire tekniske utfordringar undervegs. Desse blei handterte gjennom etablerte beredskapsrutinar med leverandør. Gjennomføringa hausten 2023 var år to i nytt gjennomføringssystem, og vi jobbar framleis for å etablere ei trygg forvaltning av systemet for gjennomføring av eksamen og prøver. Vi jobbar kontinuerleg med alle leverandørar på eksamen og prøver for å etablere ei trygg forvaltning.

I 2023 innførte vi ny metode og nytt analyseverktøy for å måle utvikling over tid. Dette vil medføre at vi kan fange opp små variasjonar i resultata i større grad enn før. Vi forventar derfor å sjå større variasjonar i nasjonalt gjennomsnitt i åra som kjem, samanlikna med kva vi har gjort tidlegare år.

2023 var òg prega av ein diskusjon om resultata frå 2014–2021 var korrekte. Eit forskingsmiljø ved Universitetet i Oslo, Frisch-senteret, gjennomførte fleire analysar som indikerte at trenden på nasjonalt nivå varierte meir enn tidlegare rapportert. Særleg gjaldt dette prøvene i engelsk. Diskusjonen blei ved fleire høve ført i media, i tillegg til direkte dialog mellom Frisch og Utdanningsdirektoratet. Årsaka til avviket har blitt greidd ut i direktoratet, med innspel frå mellom anna Frisch og EKVA. Tidlege funn i utgreiinga indikerte at årsaka var knytt til endringa av analysemetode, men konklusjonen viser at hovudårsaka ligg i analyseverktøyet vi nytta fram til 2021. Vi starta arbeidet med å berekne nye nasjonale gjennomsnitt for nasjonale prøver i den aktuelle perioden, og jobbar kontinuerleg for å vidareutvikle og kvalitetssikre analysar og resultat med hjelp frå eksterne fagmiljø.

Eksamen

Eksamensgjennomføring er komplekst. Eksamensgjennomføringa våren 2023 var den første fullskala eksamensgjennomføringa for elevar sidan 2019. Våren 2023 gjennomførte vi dobbelt så mange eksamenar som normalt, på grunn av overgangsordning mellom to læreplanar (LK06 og LK20). I tillegg var det første gjennomføring i nytt digitalt system for dei fleste av fagkodane etter nye læreplanar. Det oppstod fleire utfordringar ved gjennomføring av våreksamen 2023, både sentral feil under pålogging under eksamen i norsk hovudmål og fleire lokale feil som til saman resulterte i mange annulleringssaker.

Eksamensperioden i haust var òg den siste med eksamenar etter LK06 for fellesfag og programfag på studieførebuande, og gjekk som normalt.

I forkant av eksamen våren 2023 vurderte vi at risikobiletet for eksamensgjennomføringa var høgare enn vanleg. Derfor gjennomførte vi eit omfattande risikoarbeid, der vi òg involverte statsforvaltarane og fylkeskommunane. Vi sette i verk ulike tiltak for å tryggje gjennomføringa både fagleg og teknisk. Vidare gjennomførte vi tiltak knytte til t.d. kvalitetssikring av oppgåver, sensormangel, dei digitale systema og førebuing av sektor på den første ordinære eksamenen etter pandemien. Ved utgangen av 2023 såg vi behovet for å følgje opp fleire overordna risikoar og sikre gjennomføringa lokalt. Som del av dette arbeidet blei det sett i verk tiltak for å innhente nødvendig informasjon for å kunne vurdere situasjonen betre. Dette arbeidet blir følgt opp vidare i 2024.

22. mai oppstod det tekniske problem hos leverandøren av gjennomføringssystemet EPS. Mange kandidatar avla eksamen denne dagen, og dei tekniske problema fekk derfor konsekvensar for mange. Kandidatar opplevde òg feil lokalt. I etterkant fekk vi nesten 3000 annulleringssøknader. Søknadene har omfatta alt frå enkeltelevar til meir enn tusen elevar. Dei fleste søknadene viste at det hadde skjedd formelle feil i eksamensgjennomføringa, og at dette påverka moglegheita elevane hadde til å vise kompetansen sin på eksamensdagen. Vi erfarte òg at mange skuleeigarar og skular ikkje var godt nok kjende med regelverket om annullering og informasjonen vår om dette. Søknadsbehandlinga har vore svært ressurskrevjande. Dette har ført til at andre oppgåver ikkje har blitt utførte eller har blitt forseinka.

Fleire av hendingane fekk mykje merksemd i media, og vi brukte mykje tid på å svare ut desse under eksamensgjennomføringa.

Som følgje av erfaringane vi gjorde oss våren 2023, har vi sett i gang fleire tiltak:

  • I tildelingsbrevet for 2024 har statsforvaltarane fått i oppdrag å rette særleg merksemd mot fylkeskommunen sitt ansvar for å gjennomføre eksamen. Vi har utarbeidd eit tilsynsopplegg for ansvaret til fylkeskommunen for å gjennomføre eksamen. Dette skal som hovudregel brukast, med mindre risikovurderinga til statsforvaltaren tilseier at eit anna verkemiddel er meir formålstenleg.
  • Vi vil tydeleggjere informasjonen om reglar for søknader om annullering av eksamen som følgje av formelle feil, og reglar for dispensasjon frå kravet til eksamenar på vitnemålet. Vi vil òg utarbeide nytt søknadsskjema.

Framover i 2024 vil vi prioritere

  • tiltak for å tryggje gjennomføring av våreksamen
  • tiltak for å tryggje kvaliteten ved sentralt gitt eksamen
  • utprøving av langtidsoppgåva
  • forsøk utan karakter i orden og åtferd

Gjennombrot av lett tilgjengelege verktøy for kunstig intelligens, KI, utfordrar eksamensordningane våre. I dei fleste eksamensfag viser kandidatane kompetanse gjennom å produsere tekst. Men dersom teksten er generert automatisk, fortel han lite om kompetansen til kandidaten. Dette vil vere vanskeleg å oppdage. Vi byrja derfor å utforske moglege risikoreduserande tiltak knytte til KI, saman med KS, fylkeskommunane og statsforvaltarane.

Aktuelle tiltak på kort sikt, for eksamen 2024, er auka vakthald og rettleiing av eksamensvaktene, og stikkprøvekontroll. Ein stikkprøvekontroll kan gjerast av fleire forhold, som dei digitale einingane til kandidatane, korleis dei nyttar desse undervegs på eksamen, og vurdering av svara til kandidatane. Vi ser på moglegheita for å leggje til ein KI-detektor i eksamenstenesta, slik at sensor kan registrere dersom dei mistenkjer bruk av KI. Vi vil lage ein rutine for korleis sensorane skal vurdere dette, og korleis vi handterer svar som blir merkte med mistanke om bruk av KI.

På mellomlang sikt er det nødvendig å greie ut endringar i skriftleg eksamen som kan gi elevane høve til å vise kompetansen sin både med og utan digitale hjelpemiddel. Vi ser det òg nødvendig å greie ut om det er behov for å gå bort frå systemet med at elevar tek med eiga eining til eksamen. Det er viktig å sjå dette i samanheng med behovet for endring i annan skriftleg vurderingspraksis. Utfordringa med omsetjingsprogram og KI gjeld ikkje berre eksamen, men også undervegsvurderinga og vurderingssituasjonar til standpunkt.

For å ha ei god sluttvurdering på lengre sikt er det nødvendig med meir gjennomgripande endringar i eksamensordninga, og meir forsking på eksamen slik han er i dag, for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om dagens ordning og alternative ordningar. Kombinasjonen av hjelpemiddelordninga og verktøy elevane skal ha tilgang til på den eine sida, og ikkje-tillatne nettbaserte hjelpemiddel og KI på den andre sida, blir stadig meir krevjande. Tilgangen til ikkje-tillatne hjelpemiddel og KI offline, i kombinasjonen med at kandidatane gjennomfører eksamen på eiga eining, gjer i sum at denne delen av ordninga med skriftleg eksamen ikkje lenger er handterleg.

Forsøk og utprøvingar på vurderingsfeltet

I 2023 har vi jobba vidare med utprøving av ei langtidsoppgåve som alternativ eller supplement til dagens eksamen i vidaregåande opplæring. I starten av året sette vi ned arbeidsgrupper i faga matematikk 1P-Y, biologi 2 og politikk og menneskerettar. Gruppene utarbeidde tre fagspesifikke modellar for ei langtidsoppgåve som skal prøvast ut på elevar i første halvdel av 2024. Utprøvinga skal evaluerast av NTNU. Utprøvinga skal gi oss kunnskap om langtidsoppgåva kan gi elevane høve til å vise kompetanse i tråd med nye læreplanar og nytt kompetanseomgrep på ein betre måte enn dagens eksamen. Vi vil bruke erfaringar frå den første utprøvinga til å vurdere oppskalering til eit forsøk eller utprøvingar i andre fag og på andre trinn.

Frå skuleåret 2023–2024 starta vi òg opp eit nasjonalt forsøk med vurdering i orden og åtferd utan karakter. Forsøket skal gå over tre år og evaluerast av NIFU. Deltaking i forsøket inneber at det ikkje skal setjast karakter i orden og åtferd på elevane i forsøksperioden. Elevane skal likevel vurderast i orden og åtferd, og NIFU har utarbeidd støtte til vurderingsarbeidet.

Vi høyrer òg forslag om det skal vere krav om sentralt gitt eksamen for alle som får opplæring etter modulstrukturerte læreplanar. Denne høyringa blir sett i samanheng med oppfølginga av utgreiinga om moglege endringar i eksamensordninga for praksiskandidatar. Utdanningsdirektoratet skal prøve ut munnleg-skriftleg eksamensform, og dette arbeidet blei forankra hausten 2023.

Standpunktvurdering

I 2023 fullførte vi eit forarbeid for å få meir kunnskap om dagens ordning med standpunktvurdering og moglege behov for forbetringar. Måla med forarbeidet var å få ei felles forståing av nosituasjonen, å vurdere korleis ein kan innhente meir kunnskap om praksis, og å drøfte relevante tilnærmingar og tiltak for eit langsiktig arbeid, inkl. korleis ein kan involvere fagmiljøa frå UH i dette arbeidet.

Forarbeidet har skjedd i tett samarbeid med Utdanningsdirektoratet si referansegruppe på vurderingsfeltet3. Dette har bidrege til ei felles forståing av utfordringsbiletet, og dermed eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet. I tillegg har vi fått innspel frå statsforvaltarane, fagpersonar frå UH, kommunale og fylkeskommunale skuleeigarar, lærarar og skuleleiarar undervegs i prosessen. Prosessen fram til no har i mindre grad involvert elevar, lærarar og skuleleiarar på skulane, og kan derfor reknast som ein første fase i ei breiare involvering av sektoren i eit langsiktig arbeid.

Kunnskapen frå forarbeidet er samanfatta i eit statusnotat, som mellom anna beskriv ulike sider ved standpunktvurdering som sluttvurderingsordning, og nokre utfordringar med ordninga per i dag. Forarbeidet har dessutan gitt innblikk i kva vi treng meir kunnskap om. Hausten 2023 fekk NTNU tildelt eit forskingsoppdrag som skal gi meir kunnskap om standpunktvurdering i praksis, om korleis vurderingstekstane i læreplanane og kjenneteikna på måloppnåing blir brukte, og korleis dei fungerer. Forskingsoppdraget har ei tidsramme fram til vinteren 2025.

Forarbeidet kan reknast som ein del av oppfølginga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen, og det utgjer ein del av kunnskapsgrunnlaget for arbeidet og tilrådingane til Kvalitetsutvalet i NOU 2023: 27. Det er òg relevant for meldingsarbeidet i KD om 5.–10. trinn.

Forvaltning av rammeplan for barnehagen

I 2023 har vi fått meir kunnskap om bruk av rammeplanen i praksis, gjennom sluttrapporten «Evalueringen av implementering av rammeplanen» (Homme 2023) og «Spørring til Barnehage-Norge». Rapportane viser at barnehagesektoren har lukkast godt med implementeringa av forskrifta. Rammeplanen har fått ein viktig plass i barnehagen, og krava i rammeplanen er tydelegare. Samtidig er det lokale og pedagogiske handlingsrommet og sentrale tema frå tidlegare rammeplanar vidareført. Vidare seier rapportane at barnehagane både kjenner og bruker innhaldet i rammeplanen. Fagområda er godt kjende blant personalet, og barnehagane jobbar godt med overgangar. Evalueringa løftar òg fram område som personalet finn det utfordrande å jobbe med, som progresjon, samisk språk og kultur, digital praksis og barn sin medverknad. Sjølv om evalueringa viser at det er stor oppslutning om innhaldet i rammeplanen i sektor, peikar ho òg på nokre utfordringar. Framover vil vi sjå om det er område i rammeplanen som bør oppdaterast eller justerast i tråd med ny kunnskap om barn, barndom og barnehage.

Vi har i 2023 ført vidare arbeidet med utvikling av støtteressursar til sektor. Vi har publisert tre modular i ei kompetansepakke om eit fleirspråkleg barnehagemiljø, og har prioritert arbeid med samisk innhald og oppgåver i rammeplanen. Vi har òg knytt fleire av forskingsartiklane i Vetuva opp til kva rammeplanen seier om temaa. Dette knyter ny forsking og føringane i rammeplanane tettare saman, noko vi har fått gode tilbakemeldingar på. I 2023 sende vi òg ut ein fysisk støtteressurs, Kortprat, til alle barnehagar. Kortprat er meint å inspirere personalet til å dukke ned i innhald og oppgåver i rammeplanen «på nytt», og dessutan å informere om støtta frå direktoratet og rettleiingsmateriellet på udir.no.

Som supplement til kunnskap frå evalueringa har vi innhenta kunnskapsgrunnlag om bruk av og behov for rettleiing og støtte til rammeplanen gjennom rapporten Spørsmål til Barnehage-Norge (2023). I undersøkinga fortel barnehagestyrarane at dei har behov for støttemateriell til alle temaa i rammeplanen som er med i undersøkinga. Behovet synest å vere størst når det gjeld tilrettelegging for barn som treng ekstra støtte, den digitale praksisen i barnehagen, livsmeistring og helse, vurdering, progresjon og berekraftig utvikling. Etikk, religion og filosofi er det området som blir opplevd som mest utfordrande å arbeide med i barnehagane. Støttemateriellet direktoratet har gjort tilgjengeleg på nettsidene sine, blir opplevd som nyttig i stor eller svært stor grad i to av tre barnehagar, og materiellet blir nytta i meir enn 80 prosent av barnehagane.

I 2024 ønskjer vi å sjå nærmare på korleis vi kan dekkje behovet i sektoren for støtte og rettleiing til rammeplanen best mogleg. Dette vil vi sjå i samanheng med oppdrag 2024-006 om heilskapleg gjennomgang av kva slags støtte det er behov for i arbeidet med kvalitetsutvikling i barnehagesektoren. Vi treng meir kunnskap om behova, kva slags støtte og rettleiing som er til nytte, og kva vi skal prioritere framover, mellom anna i lys av at barnehagane melder om utfordringar knytte til rammevilkår og tid til felles kompetansearbeid.

Rammeplan for SFO

I 2023 har vi prioritert forvaltning av rammeplan for SFO og tiltak for å styrkje kompetanse og kvalitet i SFO i lys av rammeplan og deltaking i SFO. Internt har vi vidareutvikla kompetansen vår på feltet, og samordna arbeid med rammeplanen, støtteressursar og tiltak for kompetanse- og kvalitetsutvikling.

Som oppfølging av eit oppdrag (2022-015) frå KD i 2022 sette vi i gang eit samarbeid med eit fagmiljø om pilotering av ei etterutdanning for leiarar i SFO. Målet med etterutdanninga er å bidra til kompetanseutvikling hos tilsette i SFO og til implementering av rammeplanen. Det var stor interesse for å delta i etterutdanninga, og vi utløyste derfor ein opsjon, slik at talet på deltakarar blir utvida. Ein ny pulje blir igangsett i januar 2024. Det er ei utfordring at vi når relativt få med eit slikt tilbod (50 deltakarar i 2023 og 50 deltakarar i 2024), men samtidig vil denne piloten gi kunnskap og erfaringar til vidare arbeid med kompetanse- og kvalitetsutvikling i SFO.

Første delrapport frå Evaluering av implementering av rammeplan for SFO (Caspersen og Utmo, 2022) viste at rammeplanen er godt kjend i sektor, og at rammeplanen fører vidare etablert praksis i SFO. Andre delrapport (Caspersen og Utmo, 2023) viser at det er stor variasjon i korleis dei ulike SFO-ane jobbar med rammeplanen. Andre funn er at rammeplanen er relativt laust kopla til resten av arbeidet i skulen, og at tilsette i SFO opplever avgrensa moglegheiter til å prioritere utviklingsarbeid og finne rom til å jobbe på nye måtar for å komme krava i rammeplanen i møte, på grunn av rammevilkår som tid, bemanning og økonomi. Evalueringa viser at SFO ikkje alltid blir prioritert like høgt som arbeid med barnehage og skule. I 2023 blei det òg innført gratis 12 timars plass i SFO for barn på 2. trinn. Evalueringa trekkjer fram at innføringa av gratis 12 timars plass for barn på 1. og 2. trinn har medført at det aldri har gått fleire barn i SFO enn no. Mange SFO-ar opplever at talet på barn har auka, utan at ressursane har auka i takt med dette. Evalueringa peikar på at ein mogleg konsekvens er at det kan bli vanskeleg å oppfylle intensjonane til rammeplanen.

I 2023 har vi jobba med støtteressursar til rammeplanen. Kunnskapsgrunnlag viser at det er ei positiv vurdering av dette, men at ressursane ikkje er godt nok kjende, særleg blant tilsette i SFO. Vi har òg ferdigstilt oppdraget om å greie ut moglege kompetansetiltak for tilsette i SFO. I utgreiinga har vi lagt hovudvekt på å ta i bruk kunnskapsgrunnlag for å vurdere relevante kompetansetiltak for dei ulike tilsettegruppene i SFO, som også kan støtte SFO-ar med å forstå og bruke rammeplanen.

Sluttrapporten til evalueringa kjem i mai 2024, og vi jobbar vidare med funn frå rapportane. Vi har behov for meir kunnskap om praksis, sidan rammevilkåra for kvalitetsutvikling i SFO er annleis enn barnehage og skule. Vi ser behov for meir dialog med departementet og partane i sektor rundt dette framover. Ut frå kunnskapsgrunnlaget ser vi òg behov for at nasjonale styresmakter held fram med å rette merksemd mot kva som kan bidra til kvalitetsutvikling i SFO. Sidan kompetanse- og kvalitetsutvikling er nytt for SFO-sektoren, vil det vere viktig å ha ei utforskande tilnærming, som inneber utprøving av kompetansetiltak for tilsette i SFO.

Arbeid for utsette grupper

For å nå måla om at alle barn, unge og vaksne skal oppleve læring, meistring og trivsel, må vi ha eit særskilt søkjelys på utsette grupper. Arbeid med utsette grupper har vore eit prioritert område i 2023 òg.

Gjennom 0–24-samarbeidet blei utsette barn og unge definert som barn og unge som har, eller står i fare for å få, utfordringar knytte til helse, utdanning og/eller arbeid. Dette aukar risikoen for varig utanforskap. Ei oversikt frå FHI rekna med at om lag 200 000 barn og unge kunne definerast som utsette. I tillegg kjem vaksne som inngår i arbeidet til direktoratet.

Dei utfordringane utsette barn og unge og familiane deira står i, fordrar heilskapleg og fleksibel innsats frå det offentlege tenesteapparatet. Sektorinndeling inneber at det kan vere krevjande å få til. Det er nødvendig med betre samordning og samarbeid på tvers av sektorar, tenester og forvaltningsnivå for å etablere tilbod som i større grad inkluderer og gjer det mogleg for alle barn og unge å lukkast og meistre kvardagen sin.

Alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å meistre og fullføre opplæringa, og laget rundt barn og unge blir ofte peika på som eit mogleg grep for å lukkast med dette, til dømes i Meld. St. 6 Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Laget rundt barn og unge må ikkje forståast som ein modell for arbeidet, men i større grad som eit tankesett der poenget er å setje barn og unge i sentrum, og at tenestene blir tilpassa behova til barna. Det omfattar ulike profesjonar og yrkesgrupper og samarbeidet deira med ulike eksterne aktørar. Forskinga er klar på at det krevst tydeleg og felles forankring, gode system, strukturar og god leiing. Det er framleis ei utfordring i dette arbeidet at det er ulike oppfatningar av kva det vil seie å operasjonalisere laget rundt utsette barn og unge, og det er behov for ei tydeleggjering av dette, både internt i sektoren vår og på tvers av sektorar.

Etatssamarbeidet for utsette barn og unge

Utdanningsdirektoratet har brukt mykje ressursar på å bidra til etablering av etatssamarbeidet for utsette barn og unge, som skal støtte opp om departementa si kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU). Prioriteringar i arbeidet har vore å utarbeide felles mandat og ei god organisering av samarbeidet. I tillegg har vi bidrege til å utvikle nye arbeidsformer for å leggje til rette for god og effektiv gjennomføring av ulike oppgåver. Ein føresetnad for dette er at det finst strukturar som mogleggjer meir systemisk arbeid mellom dei ulike sektorane. Lukkast vi med å jobbe betre systemisk med utsette grupper, er tanken vår at vi òg vil lukkast betre i å handtere konkrete utfordringar som ungdomskriminalitet eller psykisk helse. Målet er å få til betre system for å setje kommunar i stand til å realisere gode lag rundt barn og unge. Vi har særleg bidrege i arbeidet med psykisk helse, som er ei av to definerte temasaker. Temasakene psykisk helse og barne- og ungdomskriminalitet blir vidareførte som prioriterte tema i 2024.

I 2023 har vi jobba med fleire innsatsar som er viktige supplement til dei definerte oppdraga i etatssamarbeidet. Døme på dette er arbeidet med Digiung og arbeid med livshendinga alvorleg sjukt barn. Sektorsamarbeid er viktig, men også ressurskrevjande. Det er nødvendig å sørgje for at arbeidet blir sett i samanheng med kjerneverksemda. Vi har i 2023 jobba med å betre den interne organiseringa av dette arbeidet. Det vil mellom anna seie å sjå ulike prosessar i samanheng, og avstemme ambisjonar og forventningar. Dette er krevjande fordi det er store ambisjonar frå fleire andre sektorar om kva som skal setjast i verk i barnehage og skule. Vi ser det som nødvendig at vi, både i direktoratet og på tvers av dei ulike sektorstyresmaktene, formidlar samstemde forventningar til kommunane om arbeidet med laget rundt utsette barn og unge. Innsatsar frå statleg hald må samordnast for å få best mogleg effekt. Vi vurderer det slik at dette arbeidet framleis har forbetringspotensial, men at vi er på rett veg.

Retten til spesialpedagogisk støtte

I 2023 starta vi eit arbeid med å greie ut status for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Informasjonen vi har samla inn, viser at det er ein del barn og elevar som ikkje får den tilrettelegginga dei har behov for og krav på. Dette har mellom anna samanheng med manglande regelverkskompetanse på området, manglande økonomiske ressursar og mangel på personale med rett kompetanse til å gjennomføre tilrettelegginga. For å støtte sektor oppdaterer vi regelverksinformasjonen på udir.no, og i 2024 vil vi vurdere kva andre verkemiddel vi kan nytte for å bidra til at fleire barn og elevar får den tilrettelegginga dei har krav på.

Nykomne flyktningar

Direktoratet jobbar med å sikre gode tilbod for alle grupper av nykomne, uavhengig av landbakgrunn og innvandringsårsak. 2023 har vore prega av krigen i Ukraina som medførte at Noreg hadde teke imot nærmare 70 000 flyktningar ved utgangen av 2023. Vi har som sektorstyresmakt vore opptekne av at barn og unge raskt må få gode tilbod i barnehage og skule. Vidare har vi jobba for at omsynet til kapasitet og kompetanse i sektorane våre må vektleggjast i mottaks- og busetjingsarbeidet. For å følgje situasjonen med ukrainske nykomne har vi hatt jamlege møte med KD og statsforvaltarane om situasjonen.

Vi har bidrege inn i fleire oppdrag om mobilisering og rekruttering til arbeid for nykomne frå Ukraina. Vi har òg hatt nye roller på minoritetsfeltet gjennom å bidra i oppdrag som omhandlar arbeidsmarknadstiltak for å få nykomne raskt i arbeid, og gjennom å starte utvikling av ein støtteressurs for vaksne som ønskjer å arbeide i sektorane våre.

I 2023 har vi hatt stor aktivitet når det gjeld utvikling av støtte og rettleiing på feltet, og tiltak for å styrkje språkutvikling blant minoritetsbarn. Gjennom arbeid med fagsamlingar for sektor har vi vidareutvikla samarbeidet vårt med NAFO, noko som bidreg til å styrkje støtte- og rettleiingstiltaka våre. Vi vil framover sjå dette i samanheng med støtte til innføring av ny opplæringslov.

Vi har i løpet av året styrkt kunnskapsgrunnlaget om barnehage- og opplæringstilbodet for nykomne barn og elevar generelt, og barn og elevar frå Ukraina spesielt. Kunnskapsgrunnlaget viser at det er til dels store variasjonar i kapasitet og kompetanse på feltet mellom og internt i kommunar og fylkeskommunar. Statsforvaltarane formidlar at kommunar strekkjer seg langt for å gi tilbod.

Nasjonale minoritetar

Direktoratet forvaltar midlar til ulike tiltak for nasjonale minoritetar i grunnopplæringa, i tillegg til støtte til utvikling av læremiddel i faget kvensk eller finsk som andrespråk, til kvenske prosjekt i barnehagen og til grunnopplæring for romar i Lørenskog kommune. Det har vore rekordstor søkning på midlane både til utvikling av læremiddel og til barnehageprosjekta. Omprioriteringar internt medførte at vi kunne innvilge alle søknadene som hadde komme innan fristen, noko som har vore eit stort løft for både språk og fag. Saman med ei revitalisering av prosjektet med kvensk på den digitale læringsplattforma digilær.no vil dette kunne bidra til å oppfylle forpliktingane våre knytte til kvensk språk og på sikt bidra til å betre rammevilkåra for kvensk eller finsk som andrespråk. Statistikken vår om talet på elevar som tek kvensk eller finsk som andrespråk, viser at i denne kategorien er elevtalet framleis lågt og fallande totalt sett, men med ein auke i delen som tek kvensk. Framover òg er det eit auka behov for vidare satsing på kvensk eller finsk som andrespråk. For romar kan midlane til grunnskuleopplæring for romar i Lørenskog og eit førskuleprosjekt for barn med romsk bakgrunn vere viktige bidrag til å betre skulegangen for denne elevgruppa.

Kunnskapsgrunnlaget knytt til korleis det går med barn og elevar frå dei nasjonale minoritetane i barnehagar og skular, er avgrensa, då vi ikkje registrerer personar på bakgrunn av etnisitet. Vi har statistikk om talet på elevar som tek kvensk eller finsk som andrespråk. I tillegg er tilbakemeldingar og innspel frå organisasjonane for dei nasjonale minoritetane og andre som jobbar tett på, viktige kjelder til kunnskap. NIM-rapporten Holdninger til samer og nasjonale minoriteter (2022) og rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen (2023) er òg sentralt kunnskapsgrunnlag. Det er behov for meir kunnskap om dei nasjonale minoritetane i barnehagar og skular.

Det finst ikkje éi løysing på dette feltet. Tilnærminga vår har vore at fleire mindre tiltak saman kan utgjere ein forskjell. Framover vil vi sjå på korleis vi kan justere og vidareutvikle tiltaka våre på området.

Kriminalomsorga

Riksrevisjonen si undersøking av helse-, utdannings- og velferdstilbodet til innsette i fengsel (2022) viser at innsette ikkje får tenester som sikrar eit godt grunnlag for tilbakeføring til eit sjølvstendig liv, og at tenester i liten grad er koordinerte. For å bidra til at innsette i fengsel skal få tenestene sine, basert på kunnskap om behova og rettane til målgruppa, har vi i 2023 samarbeidd med Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Husbanken og Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). Statsforvaltaren i Vestland deltek òg i dette samarbeidet, ettersom Utdanningsdirektoratet har delegert ansvar til dette embetet på området.

Våren 2023 utarbeidde direktorata saman ein felles plan for oppfølging av funna til Riksrevisjonen. Planen inneheld hovudsakleg forbetringstiltak som er skalerte for å kunne gjennomførast innanfor dei gjeldande rammene til direktorata. Grunna tilretteleggjarrolla til kriminalomsorga er KDI involvert i dei fleste av tiltaka. Dette utfordrar tilgjengelege utviklingsressursar i KDI og medfører i nokre tilfelle avgrensa framdrift. Planen inneheld hovudsakleg forbetringstiltak som er skalerte for å kunne gjennomførast innanfor dei gjeldande rammene til direktorata.

I 2023 har Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet samla seg om eit innovativt prosjekt, støtta av Stimulab. Dette prosjektet skal i 2024 samle tilsette, brukarar, samarbeidspartnarar og bidragsytarar på tvers av verksemder for å utforske, teste og forankre gode og berekraftige løysingar.

Direktorata har i 2023 sett behov for å vidareutvikle organiseringa av det nasjonale samarbeidet gjennom ein ny struktur for leiarforankring, samhandling og koordinering. Dette gjennom etablering av ei styringsgruppe og ei nasjonal koordineringsgruppe for etatssamarbeidet. Gruppene blei konstituerte i januar 2024.

Likestilling

Utdanningsdirektoratet har fleire tiltak som handlar om likestilling, elevmedverknad, rasisme / hatefulle ytringar og diskriminering. I 2023 har vi mellom anna jobba med Dembra skule, Dembra lærarutdanning og innhald i kompetansepakker. Vi har òg hatt mange bidrag i arbeid på tvers av nasjonale styresmakter, til dømes i JD, KUD, Bufdir og IMDI sine handlingsplanar og utgreiingar. I tillegg har vi bidrege inn i opptrappingsplanar mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

Utvikling i sektor på sentrale område

Utdanningsdirektoratet jobbar med vidareutviklinga innanfor heile porteføljen. Det er likevel nokre område som skil seg ut som sentrale for vidareutvikling i 2024. Dette er arbeidet med å innføre ein ny opplæringslov, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og påverknad frå digitalisering og teknologisk utvikling. I dette kapittelet følgjer ei framstilling av status og utfordringar på desse områda.

Innføring av ny opplæringslov

Som beskrive innleiingsvis i del III er regelverksetterlevinga framleis for låg i sektor. Manglande regelverksetterleving fører til at mange elevar ikkje har eit godt nok utbytte av opplæring, og at dei ikkje opplever at skulemiljøet er tilstrekkeleg trygt og godt. Derfor har vi vurdert det slik at ny opplæringslov, som skal tre i kraft i august 2024, er meir enn justeringar i lovverket. Vi ser på innføring av ny opplæringslov som ei moglegheit til å klargjere eksisterande lovverk og til å gjere regelverket meir kjent og meir tilgjengeleg enn i dag. I samband med ny lov har vi dermed arbeidd innanfor to hovudspor: forskriftsarbeidet og dessutan støtte til innføring.

Forskriftsarbeidet

I tildelingsbrevet for 2021 fekk vi i oppdrag å utarbeide forskrift til ny opplæringslov og forslag til endringar i forskrift til privatskulelova (oppdrag 2021-002). I 2023 har dette arbeidet vore høgt prioritert i direktoratet.

Utgangspunktet for forskriftsarbeidet har vore å oppdatere forskrifta slik at ho er i samsvar med ny opplæringslov. Vi har vore opptekne av at reglane i den nye forskrifta skal vere enkle å finne, forstå og følgje. For å sikre ein god språkleg samanheng mellom lova og forskrifta har direktoratet fått god hjelp av Språkrådet med forskriftstekstane. Det har vore krevjande å harmonisere språket i forskrifta med den nye opplæringslova, der ord og uttrykk forandra seg fram til lova blei vedteken av Stortinget i juni. I tillegg er det framleis ikkje tilstrekkeleg harmoni mellom krava til klart og korrekt språk i språklova, og dei krava som blir stilte til språk i Justisdepartementet si rettleiing om lov- og forskriftsarbeid, Lovteknikk og lovforberedelse.

Mange av dagens forskriftsføresegner er foreslått ført vidare, men det har òg vore behov for å gjere endringar og leggje til nye føresegner. Dette kjem særleg av den nye og utvida retten til vidaregåande opplæring (fullføringsretten) og innføringa av modulstrukturerte læreplanar for vaksne. Arbeidet har vore tidkrevjande, og direktoratet har òg involvert og samarbeidd med ulike eksterne aktørar, eksempelvis Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), statsforvaltarane, fylkeskommunar og SRY. Med bakgrunn i ønske frå særleg partane i arbeidslivet hadde vi fleire møte med ei eiga arbeidsgruppe oppretta av SRY, der forslag til nye føresegner blei diskuterte.

Direktoratet sende forslag til forskrift til ny opplæringslov til Kunnskapsdepartementet i juni 2023. Forslag til ny forskrift i privatskulelova blei ettersendt til departementet i august. Forslag til forskrift til ny opplæringslov og forslag til ny forskrift til privatskulelova blei sende på høyring 17. november, som var seinare enn opphavleg planlagd. Forseinkinga gjer at forskrifta blir fastsett seint, noko som gir sektoren lita tid til å setje seg inn i ny forskrift. Dette er uheldig og vil òg innverke på arbeidet vårt med støtte til innføring av nytt regelverk fram mot iverksetjinga. Konsekvensen er mellom anna at omfanget av implementeringsaktivitetar før iverksetjinga i august 2024 blir lågare. For å avhjelpe dette noko har vi gjennomført fleire informasjonsmøte om høyringa fram mot høyringsfristen 18. februar 2024. Formålet er at desse informasjonsmøta skal bidra til auka bevisstgjering om forskriftsforslaga og til å avklare eventuelle misforståingar. Sein fastsetjing av forskrifta innverkar òg på moglegheita til å utvikle statistikk i tråd med ny opplæringslov, slik tildelingsbrevet for 2024 ber direktoratet om.

Støtte til innføring av ny opplæringslov og forskrift

Sommaren 2023 blei ny opplæringslov fastsett. I arbeidet med støtte til innføring av lova har vi brukt Probas rapport Kunnskapsgrunnlag om etterlevelse av opplæringsloven (2023) aktivt for å velje tiltak og verkemiddel. Rapporten underbyggjer at dei største utfordringane med regelverket dreier seg om tilpassa opplæring, spesialundervisning, skulemiljø, kompetansekrav for lærarar og klassestorleik (lærarnorma), og dessutan vurdering av elevar. Kunnskapsgrunnlaget peikar først og fremst på ressurs- og kapasitetsproblem blant faktorane som hindrar etterleving. Ulik økonomi og ulik prioritering i kommunar og fylkeskommunar gjer at det blir store forskjellar i tilbod til og oppfølging av barn og unge. Med tanke på det store etterslepet i regeletterlevinga er arbeidet krevjande. Derfor har det vore viktig for oss å formidle at enkelte delar av regelverket bør prioriterast først, uavhengig av om det er nytt eller ikkje. Dette ber òg tildelingsbrevet til statsforvaltarane preg av. Det er heller ikkje tilstrekkeleg med berre informasjon om nytt regelverk på udir.no, vi jobbar med å prøve ut nye tiltak og bruke alle tilgjengelege verkemiddel. Dette er òg bakgrunnen for at vi meiner det er nødvendig å sjå på tiltak både på kort sikt, fram mot iverksetjing av ny opplæringslov, og på lang sikt. Arbeidet vil dermed strekkje seg langt utover innføringa av ny lov i 2024.

Våren 2023 hadde vi workshopar for statsforvaltarane der vi mellom anna dukka nærmare ned i funna frå Proba og fekk ytterlegare kunnskapsgrunnlag. Sommaren 2023 blei ny opplæringslov fastsett. Hausten og vinteren 2023 har vi fokusert på å rigge støttearbeidet fram mot iverksetjing. Vi har bygd vidare på ei informasjonsside på udir.no som skal bestå av informasjon sektoren bør ha før iverksetjing. Der ligg det informasjon om mellom anna lovprosessen, kva som er nytt i ny lov, nye ord og omgrep og kva kommunar og fylkeskommunar må førebu seg på. Høyringa av nye forskrifter ligg òg her. Denne sida vil vi vidareutvikle fram mot iverksetjing.

Vi har starta arbeidet med å revidere eksisterande informasjon på udir.no slik at informasjonen er oppdatert når den nye lova trer i kraft. Vi vurderer òg behovet for nye tekstar om regelverk, og nye støtteressursar. Ved innføring av ny lov skal regelverket i utgangspunktet berre omtalast på regelverkssidene våre. Vi vurderer òg behov i sektoren for informasjon og rettleiing om anna sentralt regelverk som har noko å seie for regeletterlevinga i barnehagar og skular, som forvaltningsreglar, og vi har publisert ein ny rettleiar om internkontroll for barnehage- og opplæringssektoren.

Vi har halde ei rekkje innlegg om ny lov og om støttearbeidet. I løpet av hausten har vi hatt workshopar og samarbeidsmøte med både KS, lærarorganisasjonane, FUG, Elevorganisasjonen og Barneombodet og med utdanningsdirektørane. Vi har òg planlagt ei samling for statsforvaltarane våren 2024.

Vi har oppretta eit samarbeid med Lovdata om ein pilot om å lage og kunngjere lokale forskrifter. Vi har innhenta kunnskap frå Bufdir om erfaringane deira med implementering av ny barnevernslov, og hatt møte med Statped som ønskjer kompetanseheving på regelverket.

Vi har planlagt å sjå nærmare på bruk av filmar og andre kommunikasjonskanalar på ulike regelområde, og vi er i gang med å utarbeide eit konkurransegrunnlag for å skaffe leverandør som skal gjere ei ekstern evaluering av innføringa av opplæringslova og støttetiltaka.  Vi planlegg òg fleire tiltak i samarbeid med statsforvaltarane for å sikre raske og like svar på spørsmål om det nye regelverket, og vi jobbar òg med å stimulere til nettverk for kommunar og fylkeskommunar som statsforvaltarane skal koordinere.

Bruk av kunnskapsgrunnlag i sektorane

Utdanningsdirektoratet sørgjer for oppdatert kunnskap om dei mest sentrale områda på barnehage, grunnopplæring og vaksne. Det skjer dels gjennom årlege statistikkar som GSI, Basil, VIGO og brukarundersøkingar, og dels gjennom ulike forskingsoppdrag som kartlegg og evaluerer større endringar og satsingar i sektorane våre.

I 2023 har vi henta meir kunnskap gjennom forskingsoppdrag om tema som fagfornyinga, nye rammeplanar i barnehagen og SFO, og innføringa av desentraliserte kompetanseordningar. Vi har òg gjennomført eigne undersøkingar knytte til situasjonen for ukrainske barn og unge. Det blei i tillegg sett i gang fleire nye prosjekt. Vi undersøkjer korleis barnehagesektoren forstår, formidlar og etterlever det nye regelverket om psykososialt barnehagemiljø, vi har sett i gang fleire forskingsbaserte utprøvingar på vurderings-/eksamensfeltet, og vi set i gang forsking for å få meir kunnskap om korleis barn og elevar trivst i barnehage og skule. Vi set òg i gang eit forskingsprosjekt i samarbeid med Statped for å få meir kunnskap om korleis bruk av læremiddel og læringsressursar for elevar med sansetap bidreg til inkluderande læringsfellesskap.

Vi ser behov for meir kunnskap om sluttvurdering og har derfor fremja eit forslag til KD om å setje i gang ei større satsing på dette feltet. Vi held fram dialogen med KD om korleis vi kan innrette ei slik satsing på ein god måte. Vi har fått eit nytt oppdrag om å etablere eit forskingsprogram for målretta forsking på tema for og om digitalisering og digital kompetanse i sektor. Oppdraget kom seinhaustes, og arbeidet med dette er derfor skyvd til 2024.

I løpet av året publiserte vi 52 ulike typar rapportar, som undervegsrapportar frå forskings- og evalueringsprosjekt, kartleggingsrapportar og større avsluttande rapportar. Alle blei formidla på udir.no, der vi prioriterte avsluttande rapportar. I tillegg gjennomførte vi formidlingsaktivitetar knytte til ein del av rapportane, som pressemeldingar, presseseminar og fagseminar.

Nye resultat frå PIRLS blei publiserte i mai, og resultat frå PISA og ICCS blei publiserte november og desember. I alle desse studiane presterte norske elevar svakare enn før. Vi ser at resultata har hatt eit breitt nedslagsfelt i media og allmenta, og at resultata blir diskuterte på både sentralt og lokalt nivå.

I november 2023 gav vi ut magasinet Vetuva, som formidlar ny relevant forsking til tilsette i barnehagar. Tidlegare evalueringar har vist at innhaldet i dette magasinet blir opplevd som nyttig av brukarane. Vi planlegg ei ny evaluering av magasinet i 2024.

Resultata frå Elevundersøkinga blei publiserte i januar, med nokre endringar i forhold til tidlegare publiseringar. Formålet var mellom anna å vareta personvernet til elevane. Endringane innebar auka skjerming av data, at skulane fekk resultata litt seinare enn før, og at resultata blei presenterte på ein annan måte. Det medførte at ein del kommunar og skular ikkje kunne sjå sine eigne resultat, noko som skapte reaksjonar. Vurderinga vår i ettertid er at vi kunne ha kommunisert årsaka til endringane på ein betre måte, og at vi i for liten grad føresåg problema som oppstod lokalt. Hausten 2023 gjorde vi derfor fleire grep før ny gjennomføring av Elevundersøkinga. Vi innførte ny løysing for administrering og gjennomføring, med tilgangsstyring i Altinn. Vi gjennomførte fleire webinar og dialogmøte, og vi oppdaterte nettsidene med videoar og brukarrettleiingar. Gjennomføringa på ny løysing denne hausten har gått fint, og det ser ut som endringane og kommunikasjonen har ført til at brukarane i større grad får sjå resultat frå eigen skule, og har ei betre forståing for dei avgrensingane som blir gjorde av omsyn til mellom anna personvernet til elevane.

Vi er òg i gang med å utvikle ei ny innsamlingsløysing for GSI og BASIL. Desse skal ferdigstillast i løpet av 2024.

Vi vurderer det slik at vi stort sett har kunnskap om dei sentrale områda i sektorane, men at det framleis er eit potensial for å omarbeide og formidle kunnskapsgrunnlaget på ein måte som gjer det lettare for skuleeigarar og barnehageeigarar å ta det i bruk. Vi vil derfor utforske nye konsept for formidling, slik at sektoren opplever at kunnskapsgrunnlaget er tilgjengeleg og relevant å ta i bruk.

Digitalisering og teknologisk utvikling

Teknologiske endringar skjer raskare enn før og har meir inngripande effekt på samfunnet og grunnopplæringa. Ny teknologi, og særleg kunstig intelligens (KI), skaper moglegheiter for læring og utvikling, men kan òg ha negative konsekvensar for demokrati, deltaking, likebehandling og personvern. Vi veit heller ikkje nok om korleis dette påverkar læringa hos barn og unge. Ny teknologi får følgjer for både kva barn og elevar treng å lære, og kva dei må vernast mot. Dermed får han òg konsekvensar for kompetansebehova til tilsette i barnehagar og skule og på kommunalt nivå. Det er stor variasjon blant norske kommunar, mellom anna når det gjeld storleik, noko som gir ulike føresetnader for å handtere kompliserte problemstillingar knytte til til dømes informasjonssikkerheit og personvern. Akkurat no er generativ kunstig intelligens eit døme på ein teknologi som utfordrar eksisterande strukturar og praksis både i skule og i anna samfunnsliv. Det nasjonale ansvaret vi har for grunnopplæringa, tilseier at vi treng å forstå dei negative konsekvensane av KI, samtidig som vi utforskar moglegheitene som KI kan ha for enkeltmennesket, skulen og samfunnet.

Den teknologiske utviklinga vedkjem arbeidet vårt på fleire måtar. Vi får mange oppdrag knytte til digitalisering og teknologisk endring, som til dømes å gi tilrådingar om regulering av mobiltelefonar og smartklokker i skulen, bruk av kunstig intelligens og skjerming mot skadeleg innhald. I tillegg har vi oppdrag om å utvikle støttetenester for vurdering av personvern, informasjonssikkerheit og universell utforming, og dessutan å utvikle ein tenestekatalog. Dette er døme på oppgåver og ansvar som i dag ligg hos skuleeigar, men der kompleksiteten i oppgåvene har blitt større enn det kvar enkelt kommune har høve til å handtere på eiga hand. Mange av problema vedkjem fleire aktørar samtidig, og er av ein slik art at lokal oppgåveløysing blir lite effektivt. Indirekte får dette konsekvensar for rolla til direktoratet og innretninga på verkemidla våre. Dette har vi utdjupa i oppdrag om handtering av konsekvensane av teknologiske endringar for grunnopplæringa, som blei sendt over til Kunnskapsdepartementet 1. mars 2024. I tillegg undersøkte vi i 2023 kva behov og forventningar sektoren har på dette området, og leverte ei førebels oppsummering av dette og dei dilemmaa det medfører til departementet. Arbeidet med å sjå på korleis dette kan påverke rolla vår og verkemidla våre, held fram inn i 2024, og må sjåast i samanheng med mellom anna tiltaka under Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule.

I tillegg til å følgje opp digitaliseringsstrategien og aktive oppdrag har vi i 2023 arbeidd vidare med dei faste oppgåvene våre innanfor digitalisering. Her er dei sektorretta digitale tenestene våre sentrale, mellom anna systema for prøver og eksamen, brukarundersøkingar, tilskot og statistikk. Forvaltninga av slike tenester har dette året vore prega av konsolidering og modernisering av eksisterande tenester, og dessutan profesjonalisering av forvaltningsapparatet. Ei utfordring med dei sektorretta tenestene våre er at gevinstpotensialet primært ligg utanfor handlingsrommet vårt. Dette inneber at Utdanningsdirektoratet i liten grad kan hauste gevinstar av nye investeringar, samtidig som at kostnadene for investeringane stadig aukar. Både teknologiutviklinga, eksterne forventningar og tekniske utfordringar føreset ei kontinuerleg fornying og forbetring av tenestene. Dette legg press på budsjettrammene våre. Samtidig må vi òg gjere gode val knytte til sourcing på dette området.

Ei anna viktig oppgåve innan digitalisering er forvaltninga av Feide og arbeidet med relevante standardar. Eitt av tiltaka her har vore tilrettelegging for deling av opplysningar om gruppetilhøyrsel mellom skuleadministrative system og Feide. Ein konsekvens av aukande bruk av digitale løysingar for elevane er at føresette opplever å ha mindre innsyn i skulearbeidet til elevane. Vi arbeider derfor med å leggje til rette for at føresette får auka tilgang til arbeidet til elevane via Feide. Dette er eit langsiktig arbeid der vi no legg grunnen for å starte med å levere tenester til mange brukarar i 2024 eller 2025.

Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og innføring av standardar for deling av data om læring og læremiddel. I 2023 har vi innført ei norsk tilpassing av OneRoster – ein internasjonal standard for organisering av skule og læring.

Andre styringsparametrar

Sektorane sin bruk av nasjonale fellesløysingar og standardar

Utvikling og forvaltning av fellesløysingar i sektorane er ein av dei faste oppgåvene til Utdanningsdirektoratet, gitt gjennom verksemds- og økonomiinstruksen. Fellesløysingar er eitt av fleire verkemiddel som legg til rette for auka samhandling mellom aktørane i sektoren, effektiv tenesteproduksjon og tilgang til funksjonalitet som kvar enkelt aktør ikkje er i stand til å utvikle og forvalte på eiga hand. Fellesløysingar kan òg vere eit tiltak for å møte mandatet til direktoratet om å sikre eit likeverdig tenestetilbod på tvers av geografiske og sosiale skilje.

Feide er den viktigaste nasjonale fellesløysinga til grunnopplæringa, og tryggjer sikker innlogging og datadeling. I utdanningssektoren var det 1,5 mill. brukarar av Feide i 2023, ein auke på 200 000 frå året før. Gjennom året var det 216 mill. innloggingar, og 156 mill. av desse var frå brukarar i grunnopplæringa.

Mange leverandørar har i 2023 publisert sine underlag til tilgjengelegheitserklæringar i Feide kundeportal. Tilbakemeldinga frå skuleeigarar er at dette har støtta dei i vurdering av UU-status på læremiddel. Det er vedteke at desse tilgjengelegheitserklæringane skal migrerast inn i UU-tilsynet si løysing for tilgjengelegheitserklæringar når ho er ferdig utvikla. I 2023 har Feide kundeportal i tillegg pilotert underlag til databehandlaravtalar og risikovurderingar.

Bruk av digitalt pedagogisk barnehagemateriell og digitale læremiddel i sektoren

Totalt er 276 digitale tenester tilgjengelege for grunnopplæringa gjennom Feide. Dette er digitale læremiddel, læringsverktøy og læringsmateriell som leverandørane publiserer gjennom Feide. Elevane får tilgang gjennom Feide-innlogginga si.

Sektorane sin bruk av verktøya og publiseringane til direktoratet

Vi jobbar med mange ulike typar verktøy og publiseringar mot sektor. Fleire av desse er omtalte ulike stader i del III, medrekna ulike typar kompetansepakker. Nettressursane som ligg på udir.no, er òg gjenstand for kontinuerleg forbetring og vidareutvikling. Dette er nærmare omtalt i andre kapittel i del III. Vi leverer òg digilær.no, som er ei nasjonal plattform for nettundervisning med nettlærarar. Hausten 2023 tok vi inn 320 elevar i forsering matematikk 1T. For tospråkleg fagopplæring blei det teke opp totalt 300 elevar, av desse 20 elevar til grunnprosjektet arabisk, tigrinja og somali og 230 elevar i ukrainsk.

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for ståstadanalyse for skule og PPT, og vi har òg starta opp eit arbeid med å utvikle ståstadanalyse for SFO. Ståstadanalysen er eit prosessverktøy for støtte til kvalitetsarbeid. Verktøyet skal bidra til å vurdere og analysere ståstaden og utviklingsbehovet i eininga. Verktøyet kan styrke profesjonsfellesskapet i skulen, SFO og PPT gjennom å leggje til rette for drøfting av samanheng mellom resultat og praksis. Våren 2023 har vi mellom anna lansert filmar som viser døme på bruk av verktøyet. Vi jobbar òg kontinuerleg med å gjere mindre justeringar og vidareutvikle systemet for å kunne tilby eit brukarretta og godt digitalt verktøy. For skuleåret 2022–2023 var det 780 oppretta ståstadanalysar i alle statsforvaltarembeta. Det er ein auke på 100 fleire oppretta ståstadanalysar frå førre skuleår. Det var 59 av om lag 220 PP-tenester som brukte ståstadanalysen. Vi veit framleis lite om korleis PPT bruker verktøyet, og vil undersøkje dette nærmare som ein del av utviklingsarbeidet.

Hausten 2023 starta vi eit større utviklingsarbeid gjennom eit forprosjekt for verktøya RefLex, kvalitetsvurderingsverktøy (ståstadanalysen) og søknads- og oppfølgingssystem for vidareutdanning (SOPPen). Formålet er å gi sektorane betre støtte og samanheng i arbeidet med kvalitetsutviklingsarbeidet. Det har blitt gjennomført 80 brukarintervju med personar frå barnehage, skule, SFO, PPT, kulturskulen og statsforvaltarar. Forprosjektet har skissert fleire moglege konsept til dei ulike verktøya. Brukarinnsikta og skisser av konsept har gitt oss betre avgjerdsgrunnlag for vidareutvikling av verktøya.

Utdanningsdirektoratet har i 2023 gitt støtte til kompetanseheving for ei ny målgruppe i barnehagefagleg grunnkompetanse. Opplæringa er for nye assistentar utan erfaring og relevant kompetanse, slik at dei får grunnleggjande fagleg påfyll. Opplæringa er utvikla som interaktiv e-læring og blei lansert i august 2023. Over 1000 personar har teke i bruk denne e-læringa.

Økonomisk tilsyn av private barnehagar og private skular

Det overordna målet med det økonomiske tilsynet av private barnehagar og private skular er å sørgje for at dei private barnehagane og skulane følgjer og etterlever regelverket, slik at offentlege tilskot og foreldrebetaling kjem barna og elevane til gode. Tiltaka som er sette inn for å oppnå dette, er tilsyn og eventuell etterfølgjande klagebehandling, rettleiing av den private barnehagesektoren, forslag til regelverksendringar gjennom høyringar og direkte til Kunnskapsdepartementet, og systemutvikling for intern og ekstern bruk.

Utdanningsdirektoratet fekk ansvaret for det økonomiske tilsynet av private barnehagar i 2022. Økonomisk rapportering skjer i etterkant av rekneskapsåra, og det har berre vore éi rapportering etter dette. Vi har sett endringar i kostnadsbiletet for private barnehagar, men det er for tidleg å seie at det er vedvarande eller å konkludere med kvifor det er slik. Truleg vil eksistensen av tilsynet ha ein preventiv effekt i seg sjølv ved at det aukar moglegheita for at regelverksbrot blir oppdaga.

I 2023 blei det opna økonomisk tilsyn med 6 prosent av dei private barnehagane. Tilsyns- og rettleiingsarbeidet har betra Utdanningsdirektoratet si risikoforståing av sektoren. Mange tilsyn er omfattande, og tilsynsprosessen gir rom for tilbakemeldingar, i tillegg til at det er klagemoglegheiter. Dette medfører at ein del av tilsyna går over årsskiftet. Oversikta vår over sektorane aukar etter kvart som tilsynet får meir erfaring med eksisterande og nye tilsynstema.

Vi gjennomførte tilsyn med 19 prosent av dei private skulane i 2023. Temaa vi førte tilsyn med, er i kjernen av skuleverksemda. Slik vi vurderer det, har vi ført tilsyn med relevante tema, og tilsyna har ført til at vi har pålagt endring av praksis der mangelfull regelverksetterleving får store konsekvensar for elevane.

Slik vi oppfattar og forstår risiko i sektorane, ønskjer størstedelen av barnehagane og skulane å etterleve regelverket, og gjer det. Vi ser at den største risikoen for økonomiske regelverksbrot er knytt til transaksjonar som barnehagar og skular gjer med nærståande partar. For små barnehagar og private skular dreier det seg om transaksjonar mellom barnehagen/skulen og eigar på eit personleg nivå. For barnehagar og skular som inngår i konsern eller kjeder, gjeld det i større grad transaksjonar mellom selskap.

Når det gjeld særleg økonomiforvaltninga til skulane, ser vi at sjølv om skulane i utgangspunktet ikkje kan drive eller eige anna verksemd enn skule, er det mange som gjer det. Tilsyna har avdekt manglar knytte til beskriving av handel med nærståande, krav til avdelingsrekneskap, krav til notar, og drift av tilleggsverksemd utan godkjenning. Vi har òg kontrollert og følgt opp alle årsrekneskapane til private skular.