Årsrapport 2023
Del V Vurdering av framtidsutsikter
I 2024 fyller Utdanningsdirektoratet 20 år. Jubileet vil gi oss og sektoren eit høve til tilbakeblikk og refleksjon. For direktoratet har desse 20 åra i stor grad vore prega av vekst, oppbygging og nye oppgåver. Vi har bygd opp kunnskap, kompetanse og infrastruktur for å levere rammeplanar og læreplanar, forskrifter, støtte og rettleiing til sektor, forvaltning av regelverk, etter- og vidareutdanningstilbod, kunnskapsgrunnlag og statistikk, tilskot, eksamen og prøver, og dessutan sektorretta digitale tenester. Hensikta har heile tida vore å setje skuleeigarar og barnehageeigarar best mogleg i stand til å sikre læring, meistring og trivsel for alle som er i barnehage eller i opplæringsløpet. Eit sterkt fagdirektorat med god sektorkunnskap og solide medarbeidarar har gitt barnehage- og opplæringssektoren heilt andre føresetnader til å løyse oppgåvene sine i forhold til korleis situasjonen var for 20 år sidan.
Omfanget av oppgåvene til Utdanningsdirektoratet er stort, og porteføljen er brei. Med tanke på mangfaldet og dei ulike behova i sektor vil det alltid vere slik at det krevst tiltak på mange ulike felt. Likevel ser vi at den samtidige innsatsen på fleire felte er kapasitetskrevjande. Risikoen er at det reduserer evna vår til å arbeide strategisk og målretta. Ei stadig tilbakevendande tilbakemelding frå sektor er òg at det er for mange innsatsar og verkemiddel, noko som gjer at det krev mykje av brukarane å få oversikt over og ta i bruk mangfaldet vårt av verkemiddel. For laust samankopla tiltak kan gi låg effekt, sjølv om summen av tiltak totalt sett er store. Derfor er absorberingsevna til sektoren ein av dei store risikoane våre. I 2024 kjem vi til å jobbe målretta for å redusere denne risikoen gjennom å leggje grunnlag for tydelegare styring og prioritering av verkemidla våre.
Nedgangen i lærings- og trivselsresultat, og manglande regelverksetterleving er blant dei andre store risikoane i sektoren. Støtte til innføring av ny opplæringslov vil vere ein av dei viktigaste leveransane våre i 2024. Breidda i tiltaka som skal bidra til betre etterleving, er stor, og vi har tru på at dette kan gi effekt innanfor både barnehage- og skulemiljø, og når det gjeld inkluderande og tilpassa opplæring. Samtidig må vi jobbe for å forstå drivkreftene som legg grunnlag for læring og trivsel i barnehage og skule, slik at vi kan snu nedgangen i lærings- og trivselsresultat.
Digitalisering og eksamen er òg vesentlege risikoar som kjem til å setje sitt preg på arbeidet til direktoratet i overskodeleg framtid. Det er krevjande å utnytte moglegheitene ny teknologi gir for læring mens vi samtidig skjermar elevane for negative effektar. På kort sikt jobbar vi med å finne trygge måtar å gjennomføre eksamen på og leggje føresetnadene til rette for at sektoren kan utnytte ny teknologi. I aukande grad ser vi at den tradisjonelle ansvarsdelinga mellom stat, kommune og fylkeskommune blir utfordra på dette området, og at det er behov for nye vurderingar rundt kva som er den mest formålstenlege fordelinga av oppgåvene i sektor. Biletet blir ytterlegare komplisert av at teknologi som kunstig intelligens kjem til å påverke læring og vurdering på måtar vi endå ikkje kan føresjå. Kunstig intelligens vil òg ha stor effekt på kva som vil vere behova til samfunnslivet og arbeidslivet framover, og kva krav dei vil stille til grunnopplæringa.
For Utdanningsdirektoratet blir 2024 eit spennande år. Vi skal arbeide med å konkretisere ambisjonane våre for ei ny tid med nye utfordringar. For å snu nedgangen i lærings- og trivselsresultat skal vi jobbe internt med å få mest mogleg effekt av ressursane våre, og vi skal streve etter å spisse verkemidla mot det som får mest verknad i sektor. I tillegg skal vi ta plass i samfunnsdebatten med dei faglege vurderingane våre, og vi skal bli endå betre på å formidle praksisretta og nyttig kunnskap til sektor.
Vi ser fram til 20 nye år med arbeid for læring, meistring og trivsel hos barn, unge og vaksne.