Årsrapport 2023
Kommunikasjon
Vi har i 2023 jobba aktivt med å kommunisere meir strategisk i krevjande saker som negative trivsels- og læringsresultat, skulefråvær og kunstig intelligens. Problema som oppstod ved gjennomføring av våreksamen, medførte eit særleg høgt mediepress. I 2023 var Utdanningsdirektoratet nemnd i 8445 mediesaker, ein auke på 48,5 prosent frå 2022. I tillegg hadde vi ein stor auke i presseførespurnader, og i løpet av året fekk vi 545 førespurnader frå ulike medium. Fleirtalet av førespurnadene handla om eksamenstrøbbel, elevundersøkinga, mobbing og fallande læringsresultat.
For å dele kunnskapsgrunnlaget og sikre at det har nytteverdi for målgruppene våre har vi i 2023 jobba med formidling gjennom ulike format. Vi har vore særleg opptekne av å gi klare tilrådingar og råd til barnehage- og skulesektoren. På hausten gjennomførte vi ei spørjing, og resultatet viser eit tydeleg ønske om meir analyse og råd frå nasjonale styresmakter for å støtte og rettleie dei som jobbar i sektorane.
Ein viktig føresetnad for at verkemidla til direktoratet skal ha effekt, er at vi når ut med støtte og rettleiing til sektorane. Vi bruker ein miks av kanalar for å kunne tilpasse ulikt innhald til ulike målgrupper. Udir.no er den mest besøkte kanalen vår, med over 11 millionar besøk i 2023. I tillegg gjennomførte vi 203 masseutsendingar med informasjon til nytte for ulike aktørar og arbeidet deira i barnehage- og skulesektoren. Vi deler òg råd og kunnskap gjennom andre kommunikasjonskanalar, som sosiale medium, pressemeldingar og nyheitsvarsel, og dessutan arrangement og webinar. Kommunikasjonsaktivitetane våre er òg ein lyttepost som gir verdifull innsikt i tematikk og problemstillingar som vedkjem sektorane våre.
For å sikre meir heilskap og samanheng i kommunikasjonen frå direktoratet starta vi hausten 2023 eit arbeid med å skape heilskapleg design i dei sektorretta digitale tenestene våre. Kartlegging viser at det er stor variasjon i design av tenestene, og at dagens designprofil manglar føringar for digitale tenester. Mangelen på heilskap gir utfordringar knytte til brukarvennlegheit, og medfører at arbeid med design og kode blir gjort dobbelt. For å løyse desse utfordringane er vi i gang med å etablere eit felles designsystem i Utdanningsdirektoratet. Målet er å skape ei betre brukaroppleving ved å gjere det enklare for målgruppene våre å orientere seg i dei digitale tenestene, og samtidig forenkle og effektivisere arbeidet med utvikling og forvaltning av tenestene.