Høyring om eksamensordning i læreplan for fellesfag og programfag studieførebuande

Denne høyringa gjeld bestemmingane om førebuingsdel til skriftleg eksamen slik dei kjem fram i læreplanar for fag etter Kunnskapsløftet LK20/LK20S. Høyringsfristen er 16.09.2024 og høyringa er open for alle.

Høyringa inneheld Utdanningsdirektoratets vurderingar og forslag til endringar i alle fag som i dag har førebuingsdel til skriftleg sentralt gitt eksamen. Ei slik endring vil gjelda for alle som gjennomfører eksamen i desse fagkodane, elevar i offentlege og private skular, vaksne deltakarar og privatistar. Me høyrer om eksamen med førebuingsdel til skriftleg eksamen skal endrast til eksamen utan førebuingsdel i fag som i dag har førebuingsdel til sentralt gitt skriftleg eksamen.

Utdanningsdirektoratets vurdering er at framveksten av KI gjer at eksamen med førebuingsdel til skriftleg eksamen er spesielt utsett. Med bakgrunn i førebuingsmateriellet, kan kandidatane bruka KI til å utarbeida tekstar på førebuingsdagen, som dei kan ta med seg og bruka på eksamensdagen.

Høyring om endring i eksamensordninga i læreplanenen i fellesfag og studieførebuande.

Høyring om endring i eksamensordninga i læreplanenen i yrkesfaglege utdanningsprogram kjem i august.