Eittårig øyremerka tilskot til innkjøp av trykte læremiddel i grunnskolen
Tilskotet skal bidra til å dekkje meirutgifter som kommunane har til innkjøp av nye trykte læremiddel til fagfornyinga.
Kven får tilskot: Kommunar
Søknad: Tilskot blir tildelt basert på rapportert elevtal i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) per 1.10.
Rapportering: Kommunane skal ikkje rapportere på bruken av tilskotsmidlane, men Utdanningsdirektoratet vil ta kontakt med nokre kommunar (ca. 10 %) og gjennomføre stikkprøvekontrollar.
Om ordninga
Målet med tilskotsordninga er å bidra til å dekkje meirutgifter som kommunar har til innkjøp av nye trykte læremiddel til fagfornyinga.
Målgruppa for tilskotsordninga er elevar og lærarar i offentlege grunnskular i Noreg.
I 2024 er det løyvd 300 mill. kroner til innkjøp av nye trykte læremiddel i grunnskolen.
Vilkår for å få tilskot
Vilkåret for å få tilskot er at midla blir brukte til innkjøp av trykte læremiddel til fagfornyinga i løpet av haustsemesteret.
Slik blir tilskotet berekna
Tilskotet blir berekna basert på rapportert elevtal frå 1. til 10. trinn i GSI, året før utbetalingsåret.
Satsen blir fastsett på grunnlag av vedteke budsjett, dividert på talet på elevar. Kommunane bestemmer sjølv kva trinn dei kjøper inn trykte læremiddel til.