Tilskot til særskild tilrettelagde læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell
Generell informasjon, prioritering for utlysinga i 2024 og søknadsskjema.
Generell informasjon om særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk materiell.
Vi gir berre støtte til læremiddel og materiell som har tilrettelegging ut over krava til universell utforming jf. forskrift om universell utforming av IKT-løsninger. Søkar må i søknaden skildre og konkretisere den særskilde tilrettelegginga ut over krava til universell utforming.
Få oversikt over regelverk og krav til universell utforming hos uutilsynet.no.
Vi prioriterer prosjekt der det finst ei lærarrettleiing/brukarrettleiing som viser korleis pedagogar kan bruke barnehagemateriellet/læremiddelet for å inkludere barn og unge med særskilde behov i opplæringa. Læremiddel som legg til rette for ulike særskilde opplæringsbehov i eit inkluderande læringsmiljø vil bli prioritert.
Prioriteringar for 2024
For barnehage
Vi prioriterer pedagogisk barnehagemateriell som er lekbasert og inkluderande for barn med
- kognitive vanskar
- språk- og kommunikasjonsvanskar
- behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Vi prioriterer materiell innan fagområda kommunikasjon, språk og tekst og/eller etikk, religion og filosofi.
Materiellet kan gjerne vere ein kombinasjon av digitale komponentar og trykt/fysisk produkt eller med forslag til kva for nokre fysiske gjenstandar som kan brukast i aktivitetane.
For skole
Prioriteringane er lista i ikkje-prioritert rekkjefølgje.
- Læremiddel i matematikk som vektlegg problemløysing, resonnering, argumentasjon og samarbeid. Læremiddelet skal vere laga for eit eller fleire trinn i grunnskole eller Vg1 (læreplanane MAT01-05, MAT08-01 eller MAT09-01). Læremiddelet må vere tilrettelagt for elevar med omfattande og komplekse behov for tilrettelegging. Tilpassingar og støttefunksjonar bør kunne skruast av og på. Dette gjeld til eksempel omgrepsforklaringar, poengberekning og tidtaking. Læremiddelet kan gjerne vere ein kombinasjon av digitalt og trykt/fysisk produkt.
- Læremiddel som er tilrettelagde for elevar i vidaregåande opplæring med språk- og kommunikasjonsvanskar og/eller kognitive vanskar. Fagleg tematikk og design skal passe til vidaregåande opplæring og samtidig vere tilrettelagt for lågare ferdigheitsnivå. Læremiddel for norsk (NOR01-06), engelsk (ENG01-04) og tverrfaglege tema blir prioritert.
- Eksisterande særskilde læremiddel som vil leggje til omgrepsforklaringar i form av symbolstøtte, bilete og tekst. Læremiddelet må vere tilrettelagt for elevar med omfattande og komplekse behov for tilrettelegging.
Søknadsskjema
Søknadsskjema for pedagogisk barnehagemateriell
Frist: 15. mars 2024
Dersom du har spørsmål om tilskot til kategorien særskild tilrettelagte læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell, ta kontakt med laremiddel@udir.no.
Særskild tilrettelagde læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell er ein av fire område innanfor tilskotsordning for utvikling av læremiddel på område utan marknadsgrunnlag. Formelle krav, lov-/forskriftskrav og annan generell informasjon finn du i utlysinga av ordninga.
Prioritering for området heng saman med dei andre områda i ordninga: