Tilskot til læremiddel i kategorien smale fagområde
Generell informasjon, prioritering for utlysinga i 2024 og søknadsskjema.
Generell informasjon om smale fagområde
Med smale fag meiner vi fagområde med færre enn 3000 elevar på landsbasis i årskullet.
Læremiddel i kategorien smale fagområde skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. For årskull under 300 elevar kan læremiddelet givast ut som ei fellesspråkleg utgåve med 60 prosent av teksten på nynorsk og 40 prosent på bokmål, eller omvendt.
Prioriteringar for 2024
Du kan søke støtte til å lage nye læremiddel eller til å revidere eksisterande læremiddel. Vi prioriterer digitale læremiddel til dei fagområda/faga som står på prioriteringslista:
Årstrinn | Fag- og fagområder | Utdanningsprogram |
---|---|---|
vg1/vg2/vg3 | Design og arkitektur (KDA02-02) | Kunst, design og arkitektur |
vg1/vg2/vg3 | Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01-02) | Kunst, design og arkitektur |
vg1 | Lytting (MDD03-02) | Musikk, dans og drama |
vg1 | Musikk (MDD05‑02) | Musikk, dans og drama |
Fransk nivå 3 (PSP01-03) | Studieførebuande | |
Italiensk 2 og 3 (PSP01-03) | Studieførebuande | |
vg2/vg3 | Geofag 2 (GFG01-02) | Studiespesialisering, realfag |
vg2/vg3 | Reiseliv og språk (RSP01-02) | Studiespesialisering, SSR |
Årstrinn | Fag- og fagområder | Utdanningsprogram |
---|---|---|
vg2 | Vg2 anleggsteknikk (ANL02-03) | Bygg- og anleggsteknikk |
vg2 | Vg2 klima, energi og miljø (KEM02-03) | Bygg- og anleggsteknikk |
vg2 | Vg2 datateknologi og elektronikk (DEL02-03) | Elektro og datateknologi |
vg2 | Vg2 drone (DRF02-01) | Elektro og datateknologi |
vg2 | Vg2 blomsterdekoratør (BLD02-03) | Frisør, blomster, interiør- og eksponeringsdesign |
vg2+vg3 i skole | Vg2 fotterapi og ortopediteknikk (FOT02-03) + Vg3 fotterapi (FOT03-03)* | Helse og oppvekstfag |
vg3 i skole | Vg3 apotekteknikk (APO03-03) | Helse og oppvekstfag |
vg2 | Vg2 urmaker (UIM02-03) | Håndverk, design og produktutvikling |
vg2 | Vg2 service, sikkerhet og administrasjon (SSH02-01) | Salg, service og reiseliv |
vg2 | Vg2 industriteknologi (PIN02-03) | Teknologi- og industrifag |
vg2 | Vg2 brønnteknikk (BRT02-04) | Teknologi- og industrifag |
*Merk at begge læreplaner må sjåast i samanheng ved utvikling av læremiddel.
**Læreplanen vart stroke frå lista 25.01.24 og er ikkje ei prioritering i årets utlysing.
Nokre fag/fagområde er nært beslekta. Om du søker for fleire fag/fagområde i samme prosjekt, skal du gjennom søknaden skildre:
- korleis faga skal sjåast i samanheng
- korleis oppbygginga av læremiddelet støttar samanhengen mellom faga
Læremiddel i kvensk og finsk som andrespråk
Læremiddel til læreplanen i kvensk eller finsk som andrespråk (KEF01-01) har ei øyremerkt pott. I 2024 vil Udir gje inntil 2 millionar kronar til slike prosjekt.
Du kan søke om støtte til å produsere læremiddel eller til revisjon av eksisterande læremiddel. Du kan og søke om å tilpasse eksisterande læremiddel frå Finland og Sverige slik at desse kan brukast i opplæring etter læreplan for kvensk eller finsk som andrespråk.
Vi prioriterer læremiddel som:
- er digitale
- som tek omsyn til både skriftleg og munnleg kommunikasjon i tråd med læreplanen
- kor sluttproduktet er laga for begge språk
Prosjekt med innhald på berre eitt språk vil vere støtteberettiga, men har lågare prioritet. Om det ikkje finst kvalifiserte prosjekt for kvensk eller finsk, vil pengane ikkje tilfalle andre smale fag. Dei vil nyttast til andre prosjekt som støtter opp om kvensk og finsk i opplæringa.
I arbeid med søknad for læremiddel til smale fag er det ein føresetnad at søkar gjer bruk av dei læreplanane eller utkasta som er tilgjengelege. Sjå udir.no for informasjon:
- Læreplaner og informasjon om fagfornyinga
- Høring av nye læreplaner og endringer i læreplaner
- Tilbudsstruktur videregående opplæring
Søknadsskjema
Frist: 15. mars 2024
Dersom du har spørsmål om tilskot til smale fag, ta kontakt med laremiddel@udir.no
Smale fagområde er eit av fire område innanfor ordninga tilskot til læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell. Formelle krav, lov-/forskriftskrav og annan generell informasjon finn du i utlysinga av ordninga.
Prioritering for området heng saman med dei andre områda i ordninga: