Satsar 2023 – tiltak i grunnopplæringa
Her finn du satsar for tiltak i grunnopplæringa i 2023.
Satsar for 2023, under kapittel 225 postane 63–70 gjeldande frå 1.1.2023, er lagt ut med atterhald om at Stortinget kan vedta endringar i budsjettet.
Kap. | Post | Ordning | Forvaltar | Sats i 2023 |
---|---|---|---|---|
225 | 63 | Opplæring i samisk i grunnskolen | Udir | Kr 1 178,- per årstime |
Studiepermisjon for vidareutdanning i samisk | Udir, Embeta i: Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag | Tilskottet utgjer grunnløn for adjunkt med 10 års ansiennitet. Arbeidsgjevar skal dekkje sosiale kostnader og eventuelle ansiennitetstillegg. | ||
225 | 63 | Opplæring i samisk i vidaregåande opplæring | Udir | Kr 1 434,- per årstime |
225 | 64 | Grunnskoleopplæring av barn og unge asylsøkjarar i mottak samt dei som bur privat. | Udir og embeta | Kr 103 005,- per barn per år (dvs. kr 10 301,- per barn per månad i 10 månader) |
Grunnskoleopplæring av einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter. | Udir og embeta | Kr 224 151,- pr. barn pr. år (dvs. kr 22 415,- pr. barn pr. månad i 10 månader) | ||
Vidaregåande opplæring av unge asylsøkjarar i mottak og omsorgssenter. Ordninga gjeld og dei som bur privat. | Alle embeta | Kr 236 851,- barn per år (dvs. kr 23 685,- per barn per månad i 10 månader) | ||
225 | 67 | Opplæring i kvensk eller finsk i grunnskolen | Udir, Embetet i Troms og Finnmark | Kr 655,- per klokketime |
Studiepermisjon for vidareutdanning i kvensk eller finsk | Udir, Embetet i Troms og Finnmark | Tilskottet utgjer grunnløn for adjunkt med 10 års ansiennitet. Arbeidsgjevar skal dekkje sosiale kostnader og eventuelle ansiennitetstillegg. | ||
225 | 67 | Opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring | Udir, Embeta | Kr 783,- per klokketime |