Svar på del 3 av oppdrag 2022-027

Svar til Kunnskapsdepartementet på oppdrag 2022-027

Forslag til fraværsregler – Ny forskrift til opplæringsloven

Alternativ 1

§ 9-xx Fråværsgrense i vidaregåande skole

Ein elev i vidaregåande skole som har meir fråvær enn 15 prosent av årstimetalet i eit fag, skal ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter i faget. Skolen skal tilby ei oppfølgingssamtale om fråværet til eleven når eleven har [sju prosent /ti prosent] fråvær i faget.

Elevane, eller foreldra til elevar under 18 år, skal fortløpande gi melding til skolen om fråvær frå opplæringa. Eigenmeldinga må opplyse om den overordna årsaka til fråværet, men ho skal ikkje innehalde konkrete opplysningar om fråværet, til dømes medisinsk diagnose eller religiøs eller politisk tilhøyrsel.

Rektor kan avgjere at ein elev som har meir enn 15 prosent fråvær i eit fag ved avslutninga av opplæringsperioden, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det urimeleg [at eleven ikkje skal få karakter/at fråværsgrensa skal gjelde]. Rektor skal mellom anna leggje vekt på om det er levert eigenmelding, og kva som er årsaka til fråværet. Det skal vege tungt om eleven har hatt fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom og har lagt fram legeerklæring som dokumenterer dette.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter, jf. § 9-1 fjerde ledd [dagens § 3-3].

Føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis - Alternativ a:

Ikke aktuelt. Ingen regler om føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis, verken i grunnskolen eller videregående skole.

Føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis - Alternativ b:

§ 9-xx Føring av fråvær i grunnskolen

Kommunen skal sørgje for at alt fråvær blir ført i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikke blir førte på vitnemålet, dersom
a) det er levert eigenmelding om at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold
b) eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova § 2-2 fjerde ledd

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

§ 9-xx Føring av fråvær i vidaregåande skole

Fylkeskommunen skal sørgje for at alt fråvær blir ført i dagar og enkelttimar på vitnemål og kompetansebevis.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemål eller kompetansebevis dersom eleven fortløpande har levert eigenmelding om at årsaka til fråværet er
a) helseforhold
b) velferdsforhold
c) arbeid som tillitsvald, politisk arbeid eller hjelpearbeid
d) lovpålagt oppmøte
e) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
f) tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, praktisk og teoretisk prøve knytt til den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B, jf. trafikkopplæringsforskrifta kapittel 11 og 29.

Fråvær på grunn av helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen. Eleven må ha levert eigenmelding for kvar fråværsdag for å få fråværet stroke.

Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan krevje at fråvær på opptil to dagar i samband ei religiøs høgtid ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset. Dette gjeld berre innanfor ramma på ti skoledagar.

Alternativ 2

§ 9-xx Fråværsgrense i vidaregåande skole

Ein elev i vidaregåande skole som har meir fråvær enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, skal ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter i faget.

Fråvær som skyldast forhold som er nemnde i § 9-x [fjerde ledd/fjerde ledd bokstav a til g] og sjette ledd, skal ikkje reknast med i fråværsgrensa på ti prosent. Eleven må fortløpande dokumentere årsaka til fråværet for at det ikkje skal reknast med i fråværsgrensa. Fråvær som skyldast helseforhold skal dokumenterast med eigenmelding frå eleven, eller foreldra om eleven er under 18 år. Eigenmeldinga skal ikkje innehalde konkrete helseopplysningar.

Rektor kan avgjere at ein elev som har opptil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, likevel skal få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde.

Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. § 9-1 fjerde ledd [dagens § 3-3].

Føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis - Alternativ a:

Ikke aktuelt. Ingen regler om føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis, verken i grunnskolen eller videregående skole.

Føring av fravær på vitnemål og kompetansebevis - Alternativ b:

§ 9-xx Føring av fråvær i grunnskolen

Kommunen skal sørgje for at alt fråvær førast i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet.

Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom
a) det er levert eigenmelding om at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold
b) eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova § 2-2 fjerde ledd

Fråvær på grunn av helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

§ 9-xx Føring av fråvær i vidaregåande skole

Fylkeskommunen skal sørgje for at alt fråvær førast i dagar og enkelttimer på vitnemålet og kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemål eller kompetansebevis dersom eleven fortløpande har levert eigenmelding om at årsaka til fråværet er
a) helseforhold
b) velferdsforhold
c) arbeid som tillitsvald, politisk arbeid og hjelpearbeid
d) lovpålagt oppmøte
e) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
f) tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, praktisk og teoretisk prøve knytt til den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B, jf. trafikkopplæringsforskrifta kapittel 11 og 29.

Fråvær på grunn av helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Eleven må ha levert eigenmelding for kvar fråværsdag for å få fråværet stroke. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen når eleven har levert eigenmelding.

Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan krevje at fråvær på opptil to dagar i samband ei religiøs høgtid ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset. Dette gjeld berre innanfor ramma på ti skoledagar.

Forskrift til privatskoleloven

Vi foreslår tilsvarende endringer i reglene om fraværsgrensen og føring av fravær i forskrift til privatskoleloven som i forskrift til opplæringsloven, men med språklige tilpasninger som følge av at skolene er private.