Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova
16. Ti gode råd
- Planlegg intervjua godt med tidsbruk, rekkjefølgje og stad. Set deg godt inn saksdokumenta på førehand.
- Lag ein intervjuguide med hovudspørsmåla og konkrete oppfølgingsspørsmål.
- Ver tydeleg ved etableringa av intervjusettingen. Ikkje hopp over den delen.
- Hugs det er eit intervju og ikkje ein samtale. Ikkje ver redd for å styre intervjuet.
- Formålet er å innhente bevis. Du må våge å utfordre og be om konkretiseringar av påstandar.
- Bruk trakta: Still først opne spørsmål, deretter lukka og konkluderande spørsmål.
- Få aksept for bevisa hos den intervjua, slik at de begge er sikre på at de oppfattar faktum på same måten.
- Våg å vere nysgjerrig i spørsmåla dine.
- Våg å følgje den intervjua. Du kan alltid komme tilbake til spørsmåla dine.
- Det viktigaste du gjer, er å lytte. Ha gode oppfølgingsspørsmål klare.