Intervjuteknikk for intervju i tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova
2. Intervju i tilsynssamanheng
Når du gjennomfører intervju som ein del av tilsynet, representerer du tilsynsmyndigheita. Det er derfor særleg viktig at du er ryddig og sakleg.
Mange kan oppleve det ukomfortabelt å bli intervjua i tilsynssamanheng ettersom svara deira vil bli brukte til å vurdere om praksisen i verksemda er lovleg. Du bør ta omsyn til dette ved å bruke litt tid innleiingsvis på å gjere den personen som blir intervjua, trygg på situasjonen. For eksempel kan du begynne med spørsmål om personane som skal intervjuast, og om verksemda generelt.
Viss den personen som skal intervjuast, ikkje har vore med på eit opningsmøte, bør du innleiingsvis fortelje litt om tilsynet, formålet med intervjuet og korleis opplysningar som kjem fram i intervjua, vil bli brukte i vurderingane og tilsynsrapporten.