Endringar i fråværsreglane frå neste skoleår

Kunnskapsdepartementet har vedteke å gjere enkelte endringar i fråværsreglane i vidaregåande skole frå 1. august 2025. Fråværsgrensa på ti prosent består, men frå neste år skal elevar levere eigenmelding for sjukefråvær opp til ti prosent-grensa.

For inneverande skoleår er det ingen endringar.

Dette blir nytt frå neste skoleår:

  • Elevar skal levere eigenmelding til skoen for sjukefråvær opp til fråværsgrensa på ti prosent. Når elevane har nådd grensa på ti prosent fråvær i eit fag, må dei dokumentere sjukefråvær med attest frå helsepersonell.
  • Fråvær på grunn av teoretisk og praktisk førarprøve, blir inkludert i lista over unntak frå fråværsgrensa.
  • I samsvar med dei nye reglane skal fråværet berre avreknast éin gong. Dette skal skje på slutten av skoleåret.

Dette blir vidareført som i dag:

  • Diverse former for fråvær, som til dømes politisk og religiøst fråvær, skal framleis få fritak frå fråværsgrensa.
  • Fråvær skal framleis førast på vitnemålet.
  • Dei som har kronisk sjukdom eller plagar som gir høg risiko for fråvær, skal framleis kunne bruke eigenmelding i kombinasjon med legeattest.
  • Rektor skal framleis kunne bruke skjønn ved fråvær opp til 15 prosent av timetalet i eit fag. Då kan eleven framleis få karakter dersom grunnen til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelda.

Når endringane trer i kraft 1. august 2025, vil vi oppdatere Rundskriv om fraværsgrensen.