Endringar på udir.no etter ny opplæringslov
Her kan du lese kva endringar du kan finne på udir.no som følgje av ny lov og nye forskrifter.
Frå 1. august finn du den nye opplæringslova, opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta på udir.no. Det er også nokre endringar i privatskolelova.
Vi har oppdatert ein god del av innhaldet vårt med nytt støttemateriell.
Kva er nytt?
For opplæringslova og opplæringsforskrifta har du no tilgang på forarbeid og merknader til kvar av paragrafane. Du finn desse ved å klikka på Vis forarbeid eller Vis merknad i høgre kolonne, og skrolle ned på sida.
På ein del paragrafar vil det også liggje lenkjer til nytt støttemateriell på udir.no, på same måte som det gjer i dag. Dette vil bli oppdatert fortløpande.
Viktige rundskriv og rettleiarar
Vi har i første omgang lagt vekt på å oppdatere støttemateriell som er mykje brukt, og/eller der det er større endringar i lovverket. Rundskriv om skolemiljø er oppdatert, og Veilederen Spesialundervisning er oppdatert og bytt ut med Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging, i tråd med endringar i omgrepsbruk. Vi har og laga ei ny side som viser til mykje av det som er nytt i vidaregåande opplæring.
Andre oppdateringar
Noko informasjon om endringar i lova har allereie vore tilgjengeleg ei stund, og vil leva vidare, og oppdaterest ved behov. Det gjeld mellom anna Lokale forskrifter etter ny opplæringslov og Fjernundervisning.
Ein del støttemateriell er uendra bortsett frå at tilvisingar til lovparagrafar vil vise til den nye lova.
Kva forsvinn?
Alle tolkingar knytt til den gamle lova er anten sletta, eller markert som utdatert. Innhald som er markert utdatert er framleis mogleg å finne via spesialsøket for regelverk. Her kan du søke opp utgått innhald ved å skrolle litt ned på sida og kryssa av for «Inkluder utgåtte versjonar» i venstre spalte. Dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg i hovudsøket på udir.no, eller via eksterne søkjemotorar som google.
Vi har dessverre ikkje rokke å oppdatere alt innhaldet som vi ønskjer å ha med oss vidare. Vi prøver å unngå å ha tekstar som viser til tidlegare lover og forskrifter på udir.no frå hausten, mellom anna for å unngå forvirring om kva som er gjeldande regelverk. Det inneber at ein del sider som viser til gammal lov og gammalt innhald, er fjerna mellombels.
Støttemateriell som ligg på sjølve regelverkssidene våre vil i stor grad bli sett til utdatert, og kan søkes opp på same måte som tolkingar. Støttemateriell på andre sider (som eksamenssidene) kan ikkje bli sett til utdatert, og en del innhald vil bli fjerna mellombels. Det vil bli publisert på nytt når det er oppdatert. På nokre sider er det ikkje gjort endringar, men du vil finne eit varsel om at innhaldet gjeld sjølv om sida ikkje er oppdatert til ny lov.
Innhald som vi ikkje lenger vurderer som relevant etter ny lov, vil permanent bli markert som utdatert, eller sletta heilt.