Ord og omgrep i opplæringslova
Her er ei liste over nokre omgrep i gammel opplæringslov, som er endra i ny opplæringslov.
Omgrep i gammelt regelverk | Omgrep i nytt regelverk |
---|---|
Spesialundervisning |
Sjå utdjuping nedanfor |
Tidleg innsats | Intensiv opplæring |
Tospråkleg fagopplæring | Tospråkleg opplæring i fag |
Særskild norskopplæring | Forsterka opplæring i norsk |
Grunnskoleopplæring for vaksne | Førebuande opplæring for vaksne |
Ordensreglement | Skolereglar |
Knutepunktskole | Skole som har opplæring i og på teiknspråk |
Grunnkompetanse | --- Sjå utdjuping nedanfor |
Vidaregåande nivå 1/Vg1 osv. | Vidaregåande trinn 1 osv. |
Lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar/kandidatar for fagbrev på jobb | Dei som har eller skal ha læretid i bedrift |
Lærekontrakt og opplæringskontrakt | Kontrakt om opplæring |
Opplæringskontor | Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor) |
Vg3 i skole | Opplæringstilbod til dei som ikkje får læreplass |
Musikk og kulturskole | Kulturskole |
Sosialpedagogisk rådgiving | Rådgiving om sosiale og personlege forhold |
Utdannings- og yrkesrådgiving | Rådgiving om utdannings- og yrkesval |
Varsle | Melde frå |
Skjerpa aktivitetsplikt | Skjerpa plikt til å melde frå |
Undervisningsstilling | Lærarstilling |
Utdjuping
Spesialundervisning
Dette omgrepet blir no delt i tre ulike omgrep:
- Individuelt tilrettelagd opplæring: Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa, sjå § 11-6 i ny lov.
- Personleg assistanse: Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho, sjå §11-4 i ny lov.
- Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel: Elevar har rett til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho, sjå § 11-5.
Grunnkompetanse
Omgrepet «grunnkompetanse» blir ikkje brukt i ny opplæringslov, fordi reglane viser til kva opplæringa består av, ikkje kva ho skal føre fram til. Omgrepet grunnkompetanse gjer ikkje i seg sjølv informasjon om kva kompetanse som er oppnådd, da det omfattar både planlagd og ikkje-planlagd sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse.
Andre endringar
Kapittel 9 A blir til kapittel 12: Etter innføringa av kapittel 9 A i 2017, har «9 A-saker» blitt eit omgrep som ofte blir brukt om saker som dreier seg om skolemiljø. I den nye opplæringslova vil paragrafane som gjeld skolemiljø, bli flytta til kapittel 12.
Barn med stort læringspotensial: Omgrepet «evnerike barn» blir ikkje brukt i regelverket, sjølv om omgrepet blir brukt i tidlegare forarbeid og i rettleiing. I forarbeida til ny lov blir «barn med stort potensial for læring/stort læringspotensial» brukt i staden.