Rettane til elevar som er sterkt svaksynte eller blinde
Her kan du finne informasjon om rettane til individuell tilrettelegging for elevar som er sterkt svaksynte eller blinde. Desse elevane kan ha rett til individuell tilrettelegging. Dei kan og ha rett til nødvendig opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, mobilitet og punktskrift.
Rett til individuell tilrettelegging
Elevar som er sterkt svaksynte eller blinde har rett på individuell tilrettelegging viss dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dette kan omfatte rett til personleg assistanse, fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og individuelt tilrettelagt opplæring. Dette står i opplæringslova § 11-4, § 11-5 og § 11-6.
Rett til nødvendig opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, mobilitet og punktskrift
Elevane har rett til nødvendig opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, og nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet (opplæring i mobilitet). Dette står i opplæringslova § 11-5.
Elevar som er sterkt svaksynte eller blinde har i tillegg rett til nødvendig opplæring i punktskrift. Dette står i opplæringslova § 3-5 for elever i grunnskolen og i opplæringslova § 6-4 for elever i vidaregåande opplæring.
Nødvendig opplæring
For at ein elev skal ha rett på opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel eller mobilitet, må opplæringa vere nødvendig. Det vil seie at eleven må ha behov for opplæringa fordi eleven sjølv er sterkt svaksynt eller blind. Det er ikkje tilstrekkeleg at ein elev vil lære seg punktskrift fordi ein forelder er blind.
For at eleven skal få rett til nødvendig opplæring, må kommunen eller fylkeskommunen gjere vedtak om dette.
Omfanget av opplæringa
I grunnskolen har dei sterkt svaksynte og blinde elevane rett til inntil 1525 timar nødvendig opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel og mobilitet, i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga. Dette står i opplæringsforskrifta § 1-4.
I vidaregåande opplæring har dei sterkt svaksynte og blinde elevane rett til inntil 456 timar nødvendig opplæring i punktskrift, bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel og mobilitet, i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga. Dette står i opplæringsforskrifta § 5-5.
Omfanget av opplæringa til den enkelte eleven må gå fram av vedtaket.
Innhaldet i opplæringa
Læreplanverket for Kunnskapsløftet inneheld ikkje nasjonale læreplanar for opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel og mobilitet.
Det er ikkje eigne læreplanar eller kompetansemål for opplæring i desse ferdigheitene. Det betyr at elevane heller ikkje skal ha vurdering med karakter for denne opplæringa.
Ansvar og saksbehandling
Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til opplæring i punktskrift, bruk av tekniske hjelpemiddel og mobilitet. Kommunen og fylkeskommunen må derfor sørge for tilstrekkeleg personale med synspedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse.
Kommunen og fylkeskommunen må gjere vedtak når dei tek stilling til om eleven har rett til nødvendig opplæring i desse rettane.