Rettleiar om tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial

Kva vil det seie å ha stort læringspotensial?

Alle elevar har eit læringspotensial, men nokon lærer raskare og kan tileigne seg meir kompleks kunnskap samanlikna med jamaldrande. Elevar med stort læringspotensial er ikkje nødvendigvis høgt presterande, men dei har eit stort potensial for læring på eitt eller fleire faglege område.NOU 2016:14 s. 18

Kva det inneber å ha stort læringspotensial, varierer. Nokre elevar har stort læringspotensial i eitt fag, eller på eitt område i eit fag, mens andre har læringspotensial utanom det vanlege innanfor fleire fag og område. Enkelte elevar kan vere ekstra sensitive, noko som inneber at dei er meir mottakelege for nyansar og detaljar som andre ikkje nødvendigvis legg merke til.NOU 2016:14 s. 18

Elevar med stort læringspotensial kan ha vanskar emosjonelt eller sosialt. Dei kan ha lærevanskar, ADHD, ADD, autisme eller ha ei fysisk hindring – til dømes relatert til syn eller høyrsel. I forsking og litteratur blir dette omtala som dobbelteksepsjonelle elevar. 

Nokre elevar har ekstraordinært læringspotensial. Desse elevane kan lære særs raskt og i mange samanhengar liggje svært langt føre sine jamaldrande. Dei kan tenkje komplekst, er svært nysgjerrige og gode på problemløysing, og er og generelt sett meir uthaldande.NOU 2016:14 s. 19

Omgrepet elevar med stort læringspotensial omfattar både dei elevane som presterer på høgt og avansert nivå, og dei elevane som har eit potensial for å gjere det. Skolen kan ved hjelp av testar få informasjon om elevar som presterer høgt. Elevar med stort eller ekstraordinært læringspotensial viser ofte styrkane sine på andre område enn det som blir synleg i karakterar og testar.NOU 2016:14 s. 19