Rettleiar om tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial

Tilpassing og tilrettelegging for elevar med stort læringspotensial

Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dette står i opplæringslova § 11-6. Retten til slik tilrettelegging gjeld likevel ikkje i fag der elevar har stort læringspotensial. 

Skolen må difor leggje til rette for elevar med stort læringspotensial på andre måtar. Opplæringslova gir fleire plikter og moglegheiter for å leggje til rette for desse elevane. 

Tidleg skolestart

Barn begynner på skolen det kalenderåret dei fyller 6 år. Dette står i opplæringslova § 2-1. Dersom foreldra samtykkjer, og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg, kan kommunen la eit barn begynne på skolen det året barnet fyller fem år. Dette står i opplæringslova § 2-4.

Barn har ikkje ein individuell rett til å begynne på skolen tidlegare, men kommunen kan tilby det. Når kommunen avgjer om eit barn skal få tilbod om tidleg skolestart, må dei gjere eit vedtak. 

Tilpassa opplæring

Skolen skal tilpasse opplæringa, slik at alle elevar får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Målet er at alle elevar skal få utnytta og utvikla evnene sine, uavhengig av føresetnader. Dette står i opplæringslova § 11-1

Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp som gjeld for all opplæring. Skolen har ei plikt til å tilpasse opplæringa, men det er ikkje ein individuell rett for den enkelte eleven. Kommunen og fylkeskommunen skal difor ikkje fatte vedtak om tilpassa opplæring. 

Ein måte skolen kan tilpasse opplæringa for desse elevane, er gjennom pedagogisk eller organisatorisk differensiering. 

Pedagogisk differensiering

Pedagogisk differensiering handlar om å tilpasse innhaldet, arbeidsprosessen eller produktet til potensialet, motivasjonen og kunnskapsnivået til elevane.NOU 2016: 14 s. 69 Det kan også handle om å leggje til rette for ulike måtar å lære på. 

Døme på pedagogisk differensiering kan vere:

  • Innhald: kartleggje eleven sin ståstad, komprimere læringsstoffet, justere kompleksiteten, utdjupe og utvide lærestoff, gi tid til å reflektere og konstruere meining.
  • Prosess: undervegsvurdering, rettleiing, læringsstrategiar, ulike metodar i introduksjon av informasjon, opne oppgåver for å oppmuntre til problemløysingsmetodar, fleksibilitet i organisering av grupper, kompleksitet på oppgåver, sjølvregulert læring og medverknad.
  • Produkt: bruke ulike media og metodar i framstilling av produkt, vise kompleks og djuptgåande meistring av eit emne, vurdere eigen innsats som del av metakognitiv prosess og pedagogisk bruk av IKT.
  • Læringsmiljø: skape eit trygt, risikofritt læringsmiljø, skape dialog og diskusjon mellom elevar, samt balanse i dialogen mellom lærar og elev, lytte med respekt, vere open for nye idear og hjelpemiddel, modellere aksept av dei unike og ulike evnene og føresetnadene til kvar enkelt elev.

Organisatorisk differensiering

Organisatorisk differensiering handlar blant anna om korleis elevane blir grupperte. 

Opplæringslova har reglar om organisering av elevane i § 14-2. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at kvar elev tilhøyrer ein klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosialt samhald. For delar av opplæringa kan elevane likevel delast inn i andre grupper etter behov. 

Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire elevar skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Vurderinga av kva som er eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, må sjåast i samanheng med måla for opplæringa og kva som er eit realistisk utbytte for kvar enkelt elev. I tilfelle der alle elevane kan få eit tilfredsstillande utbytte av å få opplæringa i grupper sette saman på tvers av fagleg nivå, vil det ikkje vere lov å dele inn etter fagleg nivå. Skolen kan ikkje dele elevane inn i grupper etter fagleg nivå for å auke utbyttet for enkelte elevar dersom det går ut over moglegheitene dei andre elevane har til å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dette betyr at det skal vere høg terskel for å dele inn etter fagleg nivå.Prop. 57 L (2022-2023) punkt 14.5.3.

Skolen må jamleg vurdere om skolen deler inn elevane i grupper etter fagleg nivå på ein tenleg måte og vurdere kva som er verknaden av nivådelinga. Skolen skal ikkje halde fram med å bruke tiltak som inneber nivådeling dersom tiltaket ikkje har positive effektar, eller dersom det går utover enkeltelevar.

Det sosiale samspelet og den sosiale samansetjinga av elevar i ei gruppe er den avgjerande faktoren for at elevar med stort læringspotensial skal kunne prestere godt. Dette kan vere viktigare enn samansetjinga av grupper etter nivå.NOU 2016: 14 s. 65

Ei form for organisatorisk differensiering er forsering av fag. 

Forsering: tilbod for elevar på ungdomsskolen til å ta fag frå vidaregåande opplæring

Elevar som går på ungdomstrinnet, kan få moglegheit til å ta fag frå vidaregåande opplæring (forsering). Dette står i opplæringsforskrifta § 1-12. Tilbodet om å ta fag frå vidaregåande opplæring er ikkje ein rett for eleven, men kommunen kan velje å tilby det. Kommunen må gjere vedtak for at eleven skal kunne forsere, og eleven eller foreldra til eleven må samtykkje.

Omdisponering

Kommunen og fylkeskommunen kan omdisponere inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte fag for enkeltelevar. Les om omdisponering i det årlege rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur for Kunnskapsløftet Udir -1.

Fritak frå opplæringsplikta

Utgangspunktet er at retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Dette står i opplæringslova § 2-1 og § 2-2. Opplæringslova § 2-2 opnar likevel opp for at kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta. Elevar har ikkje rett til fritak frå opplæringsplikta, men kommunen kan velje å innvilge ein søknad om det. Når kommunen tar stilling til ein søknad om fritak frå opplæringsplikta, må kommunen gjere eit vedtak. Det er omsynet til eleven sjølv som kan grunngi ei avgjerd om fritak. Fritak frå opplæringsplikta kan til dømes vere fritak frå eitt eller fleire av skoleåra. Ved å hoppe over trinn kan eleven gjennomføre grunnskolen på kortare tid enn ti år.Prop 57 L (2022-2023) punkt 9.5.4

Før kommunen gjer eit vedtak om fritak frå opplæringsplikta, må dei hente inn sakkunnig vurdering som tilrår det, og foreldra må samtykkje.

Dersom eleven får innvilga fritak frå opplæringsplikta, skal eleven ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga eleven er fritatt frå. Elevar som «hoppar over»/blir fritarr frå eit årstrinn, har likevel rett til å fullføre grunnskolen på eit seinare tidspunkt. Forskrifta § 9-16 har føresegner om når ein standpunktkarakter må vere fastsett i forhold til sentralt gitt og lokalt gitt eksamen i grunnskolen. Når eleven ikkje har standpunktkarakter i eksamensfaget, skal eleven heller ikkje trekkjast til eksamen i faget.

Elevar som er skrivne ut av grunnskolen etter opplæringslova § 2-2, kan takast inn til vidaregåande opplæring, jf. opplæringsforskrifta § 4-1.

Avslutte eit enkeltfag før normert tid i vidaregåande opplæring

Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje fullføra enkeltfag før normert tid, men kan ta fag som privatist. Privatist er ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring utan å vere elev eller lærling i dette eller desse faga. Det står i opplæringsforskrifta § 9-27 at privatistar berre kan melde seg til same eksamen ein stad. Det er ikkje mogleg å vere elev og privatist i same fag samstundes. 

Moglegheita for elevar på vidaregåande til å ta fag på universitets- og høgskolenivå

Elevar i vidaregåande skole kan ta fag på universitets- og høgskolenivå. Ein elev kan likevel ikkje gå opp til eksamen i fag ved høgskolar eller universitetet før eleven har oppnådd studiekompetanse. Dette følgjer av universitets- og høgskolelova § 11-4.