Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
Talet på tilsyn
Tema | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | Samla |
---|---|---|---|---|---|
Elevens utbytte | 69 | 91 | 67 | 67 | 294 |
Forvaltningstilsyn | 42 | 53 | 50 | 51 | 196 |
Skolebasert vurdering | 10 | 36 | 33 | 26 | 105 |
Forsvarleg system | 0 | 6 | 20 | 26 | |
Sum | 121 | 180 | 150 | 150 | 621 |
Det er ført til saman 621 felles nasjonale tilsyn i løpet av 2014–2017. I tabellen over vises antallet tilsyna fordelte på dei ulike tema.
Skoleeigarar og skolar
Vi vel kommunar, fylkeskommunar, private skoleeigarar og skolar basert mellom anna på kor sannsynleg det er at krava i regelverket ikkje blir følgde. Vi kan også legge vekt på kor lenge det er sidan det sist blei ført tilsyn med den aktuelle kommunen eller skolen. Før tilsynsperioden hadde vi som mål at minst 60 prosent av kommunane og fylkeskommunane i landet skulle få tilsyn. I tillegg skulle alle kommunane, fylkeskommunane og friskolane få tilbod om rettleiing i temaa for tilsynet.
Kor mange fekk tilsyn?
Dei 621 tilsyna er gjennomførte med 313 (40 prosent) av skoleeigarane (kommunale, fylkeskommunale og private). 68 prosent av kommunane og fylkeskommunane er kontrollerte. 19 prosent av elevane i landet går på dei skolane som har vore kontrollerte i denne perioden.
495 (15 prosent) av skolane i landet har i løpet av perioden hatt tilsyn med eitt, to eller alle tre temaa. 435 av dei var grunnskolar, 60 var vidaregåande skolar.
Tabell 2: Fylkesvis oversikt over kommuner og skoler som fikk tilsyn i perioden 2014-2017
Fylkesmann | Kontrollerte kommunar per fylke i prosent | Kontrollerte grunnskolar per kommune i prosent | Kontrollerte videregående skolar per fylkeskommune i prosent |
---|---|---|---|
Aust- og Vest- Agder | 77 | 23 | 28 |
Buskerud | 76 | 11 | 38 |
Finnmark | 79 | 26 | 20 |
Hedmark | 55 | 16 | 40 |
Hordaland | 55 | 11 | 9 |
Møre og Romsdal | 53 | 14 | 13 |
Nordland | 52 | 16 | 18 |
Oslo og Akershus | 91 | 7 | 16 |
Oppland | 73 | 25 | 36 |
Rogaland | 54 | 8 | 4 |
Sogn og Fjordane | 62 | 26 | 42 |
Trøndelag | 70 | 21 | 13 |
Telemark | 72 | 26 | 0 |
Troms | 88 | 28 | 21 |
Vestfold | 89 | 22 | 40 |
Østfold | 78 | 22 | 18 |
*Tala for Aust- og Vest-Agder omfattar også tilsyn før samanslåinga av embeta, og tala for Trøndelag gjeld før samanslåinga av embeta.
**Det er nokre feilmarginar i talet på kommunar som følge av kommunesamanslåingar.
Forskjellen i funna mellom store og små kommunar
Tilsynet med utbyttet av opplæringa viser at det er flest brot på regelverket i dei minste kommunane. Når det gjeld forvaltningskompetansen i kommunane, ser vi at det er avdekt noko færre brot på regelverket i dei små kommunane enn i dei store og mellomstore. Tilsynet med skolebasert vurdering viser at det også her er avdekt fleire brot på regelverket i dei små kommunane enn i dei store og mellomstore.
Det er avdekt noko fleire brot på regelverket ved dei minste skolane. I tilsynet med forvaltningskompetanse er det avdekt like mange brot på regelverket ved store som ved små skolar.
Figur 1.1 gir oversikt over funnene i de ti største og ti minste kommunene. Vi har i tillegg laget en tabell som viser andel brudd på regelverket fordelt på store, mellomstore og små kommuner basert på hele utvalget av tilsynsobjekter.
Figur 1.2: Funnene fordelt på kommunestørrelse. Figuren viser andel brudd på regelverket i store , mellomstore og små kommuner.