Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
FNT 2014 - 2017 skulle bidra til at skolane oppfyller regelverket
FNT omfattar offentlege og frittståande skolar. At tilsynet er «felles nasjonalt», inneber at tema og omfang er bestemt av Utdanningsdirektoratet, og at tilsynet skal undersøke korleis skolane følger opp område i regelverket som har særskild nasjonal betydning.
FNT 2014–2017 var ei ambisiøs satsing med eit breiare tematisk nedslagsfelt i lova enn tidlegare felles
nasjonale tilsyn. Tilsynet var også meir praksisorientert enn før, og det var kombinert med rettleiing for at det skulle bidra til å auke forståinga av regelverket og hjelpe skolane til å følge det.
FNT skal
- sikre at sentrale delar av regelverket blir kontrollerte
- motivere og rettleie sektoren gjennom ein større koordinert kontroll
- rette nasjonal merksemd mot spesifikke nasjonale satsingar
- bidra til betre etterleving av regelverket
Temaer for FNT 2014-2017
Vi vel tema for felles nasjonale tilsyn ut frå risiko og aktualitet. Når vi vurderer risiko, ser vi både på kor sannsynleg det er at det er brot på regelverket, og på kva konsekvensar det kan ha for elevane.
Temaene for det felles nasjonale tilsynet 2014–2017 var
- korleis skolen arbeidde med utbyttet av opplæringa
- arbeidet med opplæringa i fag
- undervegsvurdering for å auke læringsutbyttet
- undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning
- vurdering av behovet for særskild språkopplæring
- skolebasert vurdering
- forvaltningskompetanse knytt til avgjerder om særskild tilrettelegging av opplæringa
- det forsvarlege systemet skoleeigarane skal bruke til å vurdere og følge opp at skolane følger regelverket (2016 og 2017)
Tilsynet fremmar læringa for barn og unge
Forvaltningskompetanse knytt til avgjerder om særskild tilrettelegging og vurdering av behovet for særskild språkopplæring har ikkje vore tema i tilsynet med friskolane. Årsaka er at temaa omfattar plikter som ligg til kommunen uavhengig av om eleven går på ein offentleg eller ein frittståande skole. Når det gjeld dei andre temaa, har vi i friskoletilsyna tilpassa tilsyns- og rettleiingsmateriellet til regelverket for friskolar.
Målet med FNT i perioden 2014–2017 var å bidra til at skolar og skoleeigarar jobbar systematisk for at elevane skal nå måla i læreplanen og få eit godt utbytte av opplæringa. For elevar med behov for særskild tilrettelegging krev dette at skolane avdekker behovet og tilpassar opplæringa, og at dei har ei forsvarleg saksbehandling. Det krev også at skolane arbeider med å forbetre opplæringa. Gjennom å rette innsatsen mot desse temaa meiner vi at tilsynet fremmar læringa for barn og unge.
Fleire av krava vi har kontrollert, gjeld oppgåver eller aktivitetar som ligg til skolen. Det er likevel kommunen, fylkeskommunen eller styret som skoleeigar som har det overordna ansvaret, og som blir gjort ansvarleg for brot på regelverket.
Fylkesmannen kombinerer tilsyn med rettleiing
Sidan FNT undersøker område i regelverket som har særskild nasjonal betydning, kravde Utdanningsdirektoratet at FNT skulle utgjere minst halvparten av den samla tilsynsaktiviteten til fylkesmennene. FNT er knytt til eit koordinert tilsyns- og rettleiingsmateriell for skolar og skoleeigarar i RefLex og på Udir.no. Vi ønskte at fylkesmennene skulle kombinere tilsyna med rettleiing både før og etter tilsyna. Det felles nasjonale tilsynet skulle på den måten vere tilpassa behova til brukarane og forankra hos skoleeigarane. Målet var å auke læringseffekten av tilsynssatsinga for oppnå større forståing for og betre etterleving av regelverket.