Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
Det felles nasjonale tilsynet er eit lærande tilsyn
FNT 2014–2017 bestod av både tilsyn og rettleiing. Skolane og skoleeigarane fekk tilgang til eigenvurderingsspørsmål og rettleiingsmateriell, slik at dei kunne vurdere om deira eigen praksis var i samsvar med regelverket. Målet var at dei skulle rette opp eventuelle regelverksbrot uavhengig av tilsyn. I 2015 lanserte vi det digitale eigenvurderingsverktøyet RefLex. I tillegg gav fylkesmennene rettleiing i dei rettslege krava som var tema for tilsynet.
I løpet av perioden har 68 prosent av kommunane og fylkeskommunane i landet hatt tilsyn. I 87 prosent av tilsyna blei det avdekt brot på regelverket, og alle fekk beskjed om å rette opp brota. Alle friskolane som hadde tilsyn, fekk konstatert brot på regelverket.
Mange av brota blei retta undervegs i tilsynsprosessen, og 96 prosent av tilfella blei retta opp før Fylkesmannen gjorde enkeltvedtak om pålegg.
Både skoleeigarar og skoleleiarar har gitt gode tilbakemeldingar på at vi kombinerer tilsynet med rettleiing om regelverket.