Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
Tilsyna bidrar til å endre praksisen i skolane og til å auke forståinga for regelverket
Dei fleste skolane og skoleeigarane rettar opp brot på regelverket undervegs i tilsynsprosessen. Tilsynet munnar ut i
- ein førebels tilsynsrapport
- ein endeleg tilsynsrapport
- enkeltvedtak med pålegg om retting dersom brota ikkje er retta opp tidlegare
For friskolar har den endelege tilsynsrapporten status som vedtak med pålegg.
Skolene ønsker sjølve å rette opp i praksisen sin
Til saman var 281 tilsyn komne så langt i prosessen (sjå metodehandboka) at embeta hadde eller
kunne ha gjort enkeltvedtak med pålegg om retting. Vi fann at 96 prosent av pålegga som blei varsla i den førebels rapporten, blei retta opp før Fylkesmannen skulle ha gjort enkeltvedtak om pålegg. 23 prosent av pålegga som blei varsla i den førebels rapporten, blei retta opp før den endelege rapporten blei utarbeidd. I tillegg blei 94 prosent av pålegga som blei varsla i den endelege rapporten, korrigerte før det var aktuelt å gjere enkeltvedtak med pålegg om retting. Dette viser at skolane og skoleeigarane gjennomfører eit betydeleg arbeid for å rette opp i praksisen sin når Fylkesmannen avdekker brot på regelverket. Det viser også at skolane og skoleeigarane både har vilje til og ønske om å rette opp i eigen praksis.
Skoleeigarar og skoleleiarar har gitt gode tilbakemeldingar på rettleiinga som blei gitt i forkant av tilsyna. Det gjeld både det skriftlege rettleiingsmateriellet og samlingane.
Kva meiner skoleeigarane og skoleleiarane sjølve om gjennomføringa av FNT 2014 - 2017?
I ei undersøking hausten 2017 spurde vi skoleeigarar og skoleleiarar om korleis dei opplevde å delta i FNT 2014–2017. Alle fylkeskommunane som svarte på undersøkinga, sa at dei støtta, rettleidde og følgde opp skolane i rettearbeidet, og 88 prosent av kommunane svarte det same. Alle fylkeskommunane og nesten alle kommunane svarte ja på spørsmålet om tilsynet førte til at fleire enn dei kontrollerte skolane endra praksis. Nesten alle skoleeigarane svarte ja på at dei endra måten dei følgde opp skolane på. Dette kom i hovudsak av at dei vurderte sine eigne system for oppfølging som for dårlege fordi mangelen på regelverksetterleving ikkje hadde blitt fanga opp tidlegare. Nesten alle dei spurde sa at dei hadde endra praksis også på eitt eller fleire av områda som ikkje hadde hatt tilsyn. Endringane blei hovudsakleg gjorde på bakgrunn av generelle diskusjonar internt i skolen eller i kommunen.
Samla sett ser det ut som det felles nasjonale tilsynet har hatt effekt. Svara tyder på at
- tilsynet har ført til ein kompetanseauke på alle nivå
- skoleeigarane har blitt påverka til å endre rutinane for oppfølging av skolane
- skoleeigarane har følgt opp fleire skolar enn dei som har hatt tilsyn