Rapport, Felles nasjonalt tilsyn – 2014-2017
Risikovurdering
Det varierer kor mange brot på regelverket embeta avdekker.
- I tilsyn med utbyttet av opplæringa blei det i gjennomsnitt avdekt brot på regelverket i 29 prosent av tilfella.
- I tilsyn med forvaltningskompetanse blei det avdekt brot på regelverket i 26 prosent av tilfella.
- I tilsyn med skolebasert vurdering blei det avdekt brot på regelverket i 40 prosent av tilfella.
Vi finn at det er store variasjonar mellom embeta. I tilsyn med læringsutbyttet til elevane ser vi for eksempel at brot på regelverket varierer frå 6 prosent til om lag halvparten av dei kontrollerte områda.