Privatskoleforskrifta
§ 3-12 Søkjarar utan karakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag
Ved inntak på grunnlag av poeng, skal desse søkjarane vurderast individuelt:
- søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen
- søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar
- andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag
- søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter opplæringsforskrifta § 15-26.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal skolen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.