Privatskoleforskrifta
§ 3-13 Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, kan takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, kan takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet.
Følgjande søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak etter første ledd, kan likevel takast inn til neste trinn dersom skolen etter ei samla vurdering finn at det er forsvarleg ut frå dei faglege føresetnadene:
- søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter privatskolelova § 3-6, jf. opplæringslova § 11-6, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2
- søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål.
- søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag.
For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal skolen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga.
Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde.
Skolen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom skolen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 3-1 og viderefører § 11-11 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer opplæringsforskriften § 4-14.
Se merknaden til opplæringsforskriften § 4-14 så langt den passer.