Privatskoleforskrifta
§ 3-2 Kven som kan takast inn
Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd, jf. opplæringsforskrifta § 4-1, og kan takast inn.
Skolen kan ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første og andre ledd, rett til omval etter § 5-5, rett til påbygging til studiekompetanse etter § 5-7 første ledd, rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve, etter § 5-9, rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 første ledd og rett til yrkesfagleg rekvalifisering etter § 18-4.
Skolar nemnde i § 3-5 kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Ungdom med rett til vidaregåande opplæring skal prioriterast føre vaksne søkjarar.
Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar.
For søkjarar mellom 19 og 24 år og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg kan ei vurdering av formalkompetansen erstatte realkompetansevurderinga som skal gjerast etter privatskolelova § 3-1 andre ledd. For vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Norge kan ei vurdering av formalkompetansen skje på grunnlag av dokumentasjon som fortel kva for fag søkjarane må ta for å komme vidare i utdanningsløpet. Det er dagleg leiar som skal vurdere formalkompetansen, og kvar enkelt elev må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.