Privatskoleforskrifta
§ 4-9 Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Elevar kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom alle desse vilkåra er oppfylte:
- Elevane har særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5.
- Elevane har ikkje hatt meir enn fire års opplæring frå og med femte trinn i norsk grunnskole før dei byrjar i vidaregåande opplæring.
- Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.