Privatskoleforskrifta
§ 13-7 Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
Skolen kan gi fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver til elevar som
- får individuelt tilrettelagd opplæring, jf. opplæringslova § 11-6 og § 11-7, jf. privatskolelova § 3-6
- får særskild språkopplæring, jf. privatskolelova § 3-5
- går på internasjonal skole og får opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller ein annan jamgod plan.
Skal skolen gi fritak til ein elev, må det vere klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven. Avgjerda om fritak er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Eleven sjølv eller foreldra kan avgjere at eleven skal ta prøvene sjølv om skolen ønskjer å frita eleven.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, kan søkje Utdanningsdirektoratet om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje om fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til privatskolane.
Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal ta prøvene.
Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.
Utdanningsdirektoratet kan bruke opplysningar etter denne paragrafen som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 7-2 c og viderefører § 2-7 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer opplæringsforskriften § 19-8. Se merknaden til den paragrafen.