Privatskoleforskrifta
§ 14-3 Innhenting av opplysningar ved skolebyte
Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i privatskolelova § 7-9 andre ledd, kan skolar hente inn følgjande opplysningar om elevar i samband med skolebyte:
- opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
- karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
- kartlegging av elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-5 og § 6-5 eller etter privatskolelova § 3-5.
Kommunen og fylkeskommunen kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebyte etter privatskolelova § 2-4, jf. opplæringslova § 13-2, som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 7-9 og viderefører § 7B-3 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer opplæringsforskriften § 20-3. Se merknaden til den paragrafen.