Privatskoleforskrifta
§ 14-4 Innhenting av opplysningar ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring
Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i privatskolelova § 7-9 tredje ledd, kan skolar som tilbyr vidaregåande opplæring, hente inn følgjande opplysningar om elevar frå grunnskolar:
- opplysningar om fullført eller ikkje fullført grunnskole
- halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn
- karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen
- fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 7-9 og viderefører § 7B-4 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer ny opplæringsforskriften § 20-4. Se merknaden til den paragrafen.