Privatskoleforskrifta
§ 1-7 Opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.
Skolen må tilby opplæring i
- minst eitt av språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I, eller etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
- minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk, etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Skolen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.
Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.