Privatskoleforskrifta
§ 5-1 Generelle krav til læreplanane
Alle læreplanane som blir godkjende etter privatskolelova § 2-3 første ledd, må oppfylle krava i denne paragrafen. Læreplanane må vere jamgode med læreplanane i læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Læreplanen for skolen skal omfatte
- overordna del eller annan tilsvarande plan
- læreplanar for fag, med omtale av dei same delane som læreplanane etter Kunnskapsløftet
- fag- og timefordeling
- ein omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal bruke.
Læreplanane for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlege vidaregåande skolen.
Ved internasjonale skolar gjeld andre og tredje ledd så langt dei passar, jf. § 5-4.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 og viderefører § 2A-1 i den tidligere forskriften.