Privatskoleforskrifta
§ 5-3 Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav b, må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen for skolen.
Det kan godkjennast at desse skolane flyttar timar mellom fag for å styrkje fag som er særleg viktige for den anerkjende pedagogiske retninga. Det kan også godkjennast å flytte kompetansemål frå eitt trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolane skal kunne vareta den pedagogiske eigenarten sin.