Privatskoleforskrifta
§ 5-5 Andre skolar
Ved norske skolar i utlandet, jf. privatskolelova § 2-1 andre ledd bokstav e, og andre skolar som ikkje er særskilt nemnde i kapittel 5 i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Ved toppidrettsgymnas skal opplæringa vere i samsvar med krava som går fram av privatskolelova § 2-1 tredje ledd.
Ved skolar som er godkjende etter det tidlegare grunnlaget særskild profil, skal opplæringa vere i samsvar med den læreplanen og fag- og timefordelinga som skolane har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Læreplanen synleggjer ein særskild profil med spesiell fagleg merksemd retta mot eit emne.