Privatskoleforskrifta
§ 6-11 Undervegsvurdering i fag
All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.
I undervegsvurderinga i fag skal elevar
- delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. privatskolelova § 3-4c.
Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. privatskolelova § 3-6 og opplæringslova § 11-10.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører § 3-10 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-11 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.