Privatskoleforskrifta
§ 6-19 Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk
Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.
Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører § 3-17 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-19 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.