Privatskoleforskrifta
§ 6-20 Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får innføringsopplæring
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.
Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter privatskolelova § 3-5a, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.