Privatskoleforskrifta
§ 6-21 Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar og tidlegare elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
- Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
- Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
- Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
- Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-9, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak. Avgjerder om fritak er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører delvis § 3-19 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-21 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.