Privatskoleforskrifta
§ 6-23 Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving
Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter privatskolelova § 3-4b, ikkje kan vurderast med karakter.
Skolen avgjer søknader om fritak. Avgjerder om fritak er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Merknader til forskriften
Paragrafen tilsvarer § 9-22 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.