Privatskoleforskrifta
§ 6-26 Ansvaret for eksamen
Ved sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget.
Ved lokalt gitt eksamen har vertskommunen eller vertsfylket ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglæraren skal utarbeide forslag til oppgåver.
Vertskommunen og vertsfylket har ansvaret for å gjennomføre alle eksamenar og for å trekkje ut elevar til eksamen. Skolen må sørgje for at det er rett elev som møter til eksamen.
Skolen har ansvar for å gi elevane informasjon om eksamen og om kva det blir lagt vekt på i vurderinga.
Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag.