Privatskoleforskrifta
§ 6-28 Eksamensformer, tidsramme og trekk av elevar til eksamen
I læreplanen i kvart fag er det fastsett kva form eksamen skal ha, og om eksamen skal dekkje eitt eller fleire fag. Den fastsette eksamensforma kan vere skriftleg, munnleg, praktisk eller ein kombinasjon av desse formene. Det er også fastsett i læreplanen i kvart fag om det skal trekkjast ut berre nokre elevar til eksamen, eller om alle kandidatane skal ha eksamen i faget.
Kven som er trekte ut til eksamen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.
Elevar som får meir opplæring etter § 4-2 skal ikkje trekkjast ut i det faget dei får meir opplæring i dersom dei har bestått alle nødvendige eksamenar i samsvar med læreplanverket, jf. § 6-30, § 6-31 og § 6-45.
Med mindre noko anna følgjer av læreplanen i faget, er tidsramma for eksamensformene
- opp til fem timar ved skriftleg eksamen
- opp til 30 minuttar per kandidat ved munnleg eksamen
- opp til 45 minuttar per kandidat ved munnleg-praktisk eksamen
- opp til fem timar per kandidat ved praktisk eksamen.
Skriftleg eksamen skal starte klokka 09.00 norsk tid. Kandidatar som ikkje har møtt når eksamen startar, skal likevel få gjennomføre eksamen dersom dei møter før klokka 10.00, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører §§ 3-25 og 3-26 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-28 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.