Privatskoleforskrifta
§ 6-36 Ny eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 til ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.
Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort.
Dersom elevane består ny eksamen, kan dei ikkje få meir opplæring, jf. § 4-2 første ledd.
Avgjerda om ein elev skal få ny eksamen eller ikkje, er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.