Privatskoleforskrifta
§ 6-45 Vitnemål i vidaregåande opplæring
Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen kan utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til dei som ber om det.
For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Dette gjeld likevel ikkje for
- dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 4-6
- dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 6-19 eller § 6-21 til 6-23
- dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 6-47
- dei som har fått dispensasjon etter § 6-10 eller § 6-39.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører deler av § 3-39 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-46 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.