Privatskoleforskrifta
§ 6-46 Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring
Førstegongsvitnemål skal givast som dokumentasjon til elevar som har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, innan fem år etter oppstart.
På førstegongsvitnemålet skal det førast følgjande karakterar:
- karakterar frå opplæringsløpet til eleven, jf. læreplanen for skolen
- karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, dersom eleven ønskjer det
- endra karakterar etter klage
- karakterar frå ny eksamen etter § 6-36, § § 6-38 tredje ledd eller § 6-39 andre ledd, utsett eksamen etter § 6-35 og særskild eksamen etter § 6-37
- karakterar som er betra i løpet av den tida læreplanen for skolen fastset for opplæringsløpet, ikkje medrekna verdiskapingstida i bedrift, dersom eleven ønskjer det.
Dersom det allereie er utferda eit førstegongsvitnemål, skal dette berre endrast dersom eleven får nye karakterar som følgje av bokstav c–e, eller dersom ein eller fleire karakterar er annullert.
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører § 3-40 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-47 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.