Privatskoleforskrifta
§ 9-1 Spesialkompetanse i skolar som er godkjende for å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning
I skolar som er godkjende til å drive på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal minst halvparten av dei som er tilsett i lærarstilling, ha spesialkompetanse til å gjennomføre den anerkjende pedagogiske retninga.
Som spesialkompetanse reknar ein høgare utdanning innanfor den anerkjende pedagogiske retninga med eit omfang på minst 60 studiepoeng. Departementet kan godkjenne anna utdanning av minst eitt års omfang som spesialkompetanse. Spesialkompetansen må vere relevant for undervisning i den aktuelle skolen.